Skjævelandsbrua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skjævelandsbrua fotografert av Ranveig Thattai

Skjævelandsbrua er ei bru over FiggjoelvaJæren. Midten av brua utgjer grensa mellom Klepp kommune og Sandnes kommune. Brua var ferdig bygd i 1853. Byggjematerialet er for det meste stein, bygd som ei kombinert steinkvelv- og steinhellebru. Brua er 100 meter lang. Brua er ein del av Vestlandske hovudveg, og var den fyrste brua i Rogaland fylke som vart bygd for køyretøy.

Brua vart teikna av Ingebret Mossige, lensmann og veginspektør i Time kommune. Gabriel Høyland (1820-1907) leia bygginga av brua. I 1966 vart det opna ei ny bru for riksveg 44, og Skjævelandsbrua har etter dette vore nytta til lokal trafikk. Ho vart restaurert i 1985, og vart i 2002 teke med på ein nasjonal verneplan for kulturminne knytt til vegar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]