Skjersjøelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjersjøelva i 1904

Skjersjøelva, som òg vert kalla Skjærsjøelva, er den 2,8 kilometer lange elva sørover frå Skjersjøen i Nordmarka i Oslo ned til Maridalsvannet i Oslo. I heile lengda ligg elva innanfor Maridalen landskapsvernområde, og er dessutan omfatta av dei drikkevassrestriksjonane som gjeld for Maridalsvannet og Skjersjøen, mellom anna forbodet mot fisking og bading.

På vestsida av elva kan ein framleis sjå store steinmurar etter Kamphaugsaga, ei oppgangssag som vart bygd på 1600-talet. På austsida går det ei nedgrave røyrgate frå Skjersjøen til Hammeren kraftstasjon attmed elva nede ved Maridalsvannet. Dette kraftverket vart sett i drift i året 1900, og er det fyrste kommunale vasskraftverket som leverte straum til Oslo by, og det eldste i Noreg som framleis er i drift. Der kraftverket ligg, låg det i tida mellom 1793 og 1872 ein vassdreven stongjarnhammar som truleg har gjeve namn til denne staden, Hammeren.

Tømmerfløytinga i elva[endre | endre wikiteksten]

I Skjærsjøelva har det vore tømmerfløyting fram til på 1960-talet. Elva var ei strekning av det vestre fløytingsvassdraget som byrja inne ved Pershusvannet, Sinnera og Fidlingen i Nordmarka. For å lette tømmerfløytinga i elva, vart det på 1890-talet bygd store murar av steinblokker lagsetter breidda på dei vanskelegaste stadene, og skåttbruer og skåveggar av tømmer i elva. Det var særleg oppsvinget i sagbruksverksemda sist på 1800-talet som fekk til det å verte lønsamt å byggje desse store fløytingsanlegga i elva, som imponerer den dag i dag, ikkje minst når ein tek omsyn til kva reiskap ein hadde å hjelpe seg med i dei tidene. Elva har fem fossar som alle er innebygd med store murar, og det har skjedd at tømmeret kom med så stor kraft under fløytinga at murane vart skada eller rivne ned. Dei innretningane i elva som er bygde av stein er framleis å sjå, medan dei av tømmer er rotna vekk for det meste, og finst berre her og der som nokre leivningar.

Mange av demningane i Nordmarka vart òg bygde om og modernisert ikring hundrårskiftet 1800-1900.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]