Skjold på Haugalandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Skjold i Vindafjord)
Hopp til navigering Hopp til søk
Skjold
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Vindafjord
Areal 0,97 km²
Folketal 827 (2017)
Folketettleik 853 / km²
Postnummer 5574 SKJOLD

Skjold er ein tettstad og eit sokn i Vindafjord kommuneHaugalandet i Rogaland fylke. Skjold var tidlegare også ein kommune. Tettstaden har 827 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg ved nordenden av Skjoldafjorden.

Skjold sokn[endre | endre wikiteksten]

Skjold sokn var før i tida meir enn dobbelt så stort som no. I 1964 vart Flatnes krins overflytta til Vestre Vikebygd sokn, og i 1965 vart soknet halvert: Då vart Vordneset (seinare nemnt Skjoldastraumen) kapelldistrikt overflytta til Tysvær sokn, og same område vart i 1969 overført på ny til Nedstrand sokn.

I dag femnar soknet om den sørvestlegaste delen av Vindafjord kommune (krinsane Alendal, Ersland, Haugen, Egge, Austrheim og Langeland) og har 1 415 innbyggjarar (2013). Det høyrer til Haugaland prosti.

Skjold kommune[endre | endre wikiteksten]

Allereie då dei norske kommunane vart oppretta ved formannskapslovene i 1837 var Skjold ein av dei. Den omfatta då soknene Skjold, Vats og Tysvær. Tysvær vart frådelt som eigen kommune i 1849, og Vats vart frådelt i 1891, så deretter var Skjold kommune og sokn identiske. I 1964 vart Flatnes krins overført til Sveio kommune, og i 1965 vart kommunen oppløyst og oppdelt mellom kommunane Vindafjord og Tysvær.

Skjold

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]