Skoganvarre
| Skoganvarre | |||
| stad | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
![]() Skoganvarre 69°50′23″N 25°04′41″E / 69.83972222°N 25.07805556°E | |||

Skoganvarre (nordsamisk Skuvvanvárri, finsk Skuukanvaara) er ei bygd ved foten av Skuvvanvárrefjellet, ved sørenden av Øvrevatnet i Finnmark fylke. Bygda vaks fram då staten bygde ei fjellstove der på midten av 1800-talet.[1] Ho ligg omlag midtvegs mellom Lakselv og Karasjok. I 2017 hadde Skoganvarre 54 innbyggjarar.[2]
Før det vart bygd veg, var fjellstova på Skoganvarre viktig for samferdsla mellom Lakselv og Karasjok, og mellom Alta og Tanadalen. Vegen mellom Lakselv og Skoganvarre vart opna i 1925, og vart etter kvart ført heilt fram til Karasjok. Etter dette var ikkje fjellstova på Skoganvarre like viktig som før. I 1944 vart både fjellstova og resten av bygda brende av tyskarane som del av den brende jords taktikk. Etter krigen vart ikkje fjellstova bygd opp att,[1] men i staden blei det opna campingplass her i 1969.
Skoganvarre er sjekkpunkt i Finnmarksløpet.
Folk frå Skoganvarre
[endre | endre wikiteksten]- Hans Kristian Amundsen (1959-2018),[3] statssekretær
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Bergh, R., Skuvvanvárri - Det susende fjell, Universitetsforlaget 1976.
- ↑ «Folkemengde og befolkningsendringar». Statistisk sentralbyrå. Henta 2018-01-16.
- ↑ «Ap-ledere hyller avdøde Hans Kristian Amundsen». FriFagbevegelse.no. 30.07.2018.
{{cite web}}: Check date values in:|dato=(hjelp)
