Skoltafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Skoltafjorden er ein fjord på nordsida av Stolmen og Selbjørn i Austevoll kommune i Hordaland. Han strekkjer seg 7 km inn frå Nordsjøen og endar opp i Møkstrafjorden, som kjem nordfrå, vest for Huftarøy.

Fjorden har innløp i vest mellom Måksteinane i nord og Slåttrøy og Skotlane i sør. På nordsida av fjorden ligg øyane Litlekalsøy og på sørsida ligg Lynghevrøyi og Hevrøyi. Lunnøyi ligg inst i fjorden. Mellom Stolmen og Selbjørn går Stolmasundet sørover til Selbjørnsfjorden. Sundet vert kryssa av ei om lag 450 meter lang bru.