Skudenes fyrstasjon
![]() | |
Fylke | Rogaland |
---|---|
Kommune | Karmøy |
Funksjon | Kystfyr |
Oppretta | 1799 |
Fyrtårn | |
Byggjemateriale | Tre |
Status | |
Eigar | Privat |
Nedlagt | 1924 |
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne |
![]() Skudenes fyrstasjon | |
Skudenes fyrstasjon er eit fyr som ligg ved innseglinga til Skudeneshavn på Karmøy i Rogaland, på nordsida av Skudenesfjorden.
Fyret vart oppretta i 1799. Fyrstasjonen ligg i eit klippelandskap og områda mellom klippene ber preg av å ha vorte nytta som beitemark. Her ligg den tidlegare fyrbygningen i tre med grunnmur etter lyktehus på det søraustlege hjørnet. I tillegg finst bustad og uthus. Det er òg spor etter eit kolhus og anlegg frå den andre verdskrigen i området. Fyrstasjonen vart nedlagt i 1924, lyktehus rive og bygningane seld.
Fyrstasjonen ligg ytst på ein høg klippe i eit særprega landskap. Den høge alderen og at bygningane stor sett er som då dei vart bygd gjer at fyrstasjonen er freda etter lov om kulturminne.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Skudenes fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Skudenes fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren