Vibberodden fyrstasjon
Hopp til navigering
Hopp til søk
![]() Vibberodden fyrstasjon mellom 1890 og 1900 | |
Fylke | Rogaland |
---|---|
Kommune | Eigersund |
Funksjon | Innseglingsfyr |
Oppretta | 1855 |
Koordinatar | Koordinatar: |
Fyrtårn | |
Høgd | 9,5 |
Form | Lyktehus på søyle |
Fyrlys | |
Lyskarakter | Okkulterande kvart 6. sek. |
Lyshøgd | 22,4 moh |
Lysvidde | 12,5 nm |
Status | |
Eigar | Staten ved Kystverket |
Automatisert | 1977 |
Avfolka | 1977 |
Vibberodden fyrstasjon er eit fyr som ligg ved Rekefjord ved innseglinga til Eigersund.
Fyret vart bygd i 1855, lik etter at Eigerøy fyr stod ferdig i 1854. Dei to fyra fungerer i samspel der Eigerøy fyr fungerer som kystfyr og Vibberodden fyr fungerer som innseglingsfyr. Sjølve fyrlykta var bygd inn i mønet på fyrbygningen. Stasjonen vart betjent av ein fyrfamilie fram til fyret vart automatisert og avfolka i 1977. Det vart då bygd eit lyktehus på ei søyle føre den gamle fyrbygningen. Etter den tid har fyrbygningane vorte nytta som klubbhus for dykkarar i Eigersund
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Norsk fyrliste 2008» (PDF). Kystverket.
- «Vibberodden fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.