Feistein fyrstasjon
![]() | |
Fylke | Rogaland |
---|---|
Kommune | Klepp |
Funksjon | Innseglingsfyr |
Oppretta | 1859 |
Koordinatar | Koordinatar: |
Fyrtårn | |
Høgd | 26 |
Form | Raudt jerntårn med to kvite belte. Bifyr. |
Byggjemateriale | Støypejern |
Fyrlys | |
Lyskarakter | To glimt kvart 20. sek. Bifyr: to okkulterande blink kvart 8. sek. |
Lyshøgd | 34 moh Bifyr: 20,7 moh. |
Status | |
Eigar | Staten ved Kystverket |
Automatisert | 1989 |
Avfolka | 1989 |
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne |
![]() Feistein fyrstasjon | |
Feistein fyr er eit fyr i Klepp kommune på Jæren. Fyret ligg på ein holme ved Jærens rev, og utanfor Borestranda og Selestranda. Feistein fyr vart oppretta i støypejern i 1859. Det vart automatisert og avfolka i 1989, og er freda som kulturminne.
Den franske fyrlampen frå 1914 er framleis i drift. Delar av diafonen og eit eldre klippapparat er bevart. Ved fyret ligg maskinhus og oljetankar, bustad, uthus, og tufter etter tidlegare bustader, uthus og naust. I tillegg tilå vere verna som kulturminne inngår fyrstasjonen i Jærstrendene landskapsvernområde etter lov om naturvern.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- borestrand.no Arkivert 2004-12-10 ved Wayback Machine. om Feistein fyr
- Feistein fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Norsk fyrliste 2008» (PDF). Kystverket.
- «Feistein fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.