Vikeholmen fyrstasjon
Utsjånad
| Vikeholmen mellom 1890 og 1900. Foto: Riksarkivet | |||
| Fylke | Rogaland | ||
|---|---|---|---|
| Kommune | Karmøy | ||
| Funksjon | Leifyr | ||
| Oppretta | 1849 | ||
| Koordinatar | 59°08.4450′N 5°16.5631′E / 59.1407500°N 5.2760517°E | ||
| Fyrtårn | |||
| Høgd | 4,5* | ||
| Form | Lyktehus* | ||
| Byggjemateriale | Betong | ||
| Fyrlys | |||
| Lyshøgd | 7,5* moh. | ||
| Lysvidde | 5,6* nm | ||
| Status | |||
| Eigar | Skudenes Sjømannsforening | ||
| Automatisert | 1908 | ||
| Avfolka | 1908 | ||
![]() Vikeholmen fyrstasjon 59°08′27″N 5°16′34″E / 59.1408°N 5.27605°E | |||
| * gjeld nyare fyrlykt. | |||
Vikeholmen fyrstasjon er eit fyr som ligg på ein holme 800 meter sør for Skudeneshavn på Karmøy i Rogaland, på nordsida av Skudenesfjorden
Fyret vart bygd i 1849, først som eit mellombels fiskefyr under sildefisket på vinterhalvåret. I 1875 vart det noverande fyret bygd som eit av dei første i landet i betong. Det vart avfolka og automatisert alt i 1908 og erstatta av ei fyrlykt. Ein periode etter dette vart den gamle fyrbygningen nytta som bustad, men vart etter kvart fråflytta og forfalle. I 1965 tok Skudenes Sjømannsforening over fyret, og sidan den gong har det vorte nytta som overnattingsstad.
Den nye fyrlykta står oppført som Vikaholmen hos Kystverket.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Norsk fyrliste 2008 - side 146» (PDF - 15 mb). Kystverket.
- «Vikeholmen fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
