Hopp til innhald

Kvitsøy fyrstasjon

Kvitsøy fyrstasjon

FylkeRogaland
KommuneKvitsøy
FunksjonKystfyr
Oppretta1700
Koordinatar59°03.7222′N 5°24.0075′E / 59.0620367°N 5.4001250°E / 59.0620367; 5.4001250
Fyrtårn
Høgd27
FormKvitt tårn
ByggjematerialeStein
Fyrlys
LyskarakterFire glimt kvart 40. sekund
Lyshøgd45,2 moh.
Lysvidde18,5 nm
Status
EigarStaten ved Kystverket
Automatisert1969
Avfolka1969
VernestatusFreda etter lov om kulturminne
{{#coordinates:}}: kan ikkje ha meir enn éin primærtagg per sideKart
Kvitsøy fyrstasjon
59°03′43″N 5°24′00″E / 59.06194444°N 5.4°E / 59.06194444; 5.4

Kvitsøy fyrstasjon er eit fyr som ligg på Kvitsøy. Fyret har ei historie som går tilbake til år 1700, då Henrich Petersen sette på ei vippefyr i Ydstebøhamn. Fyret bestod av ei mast som hadde påmontert ei tverrvippe. I enden av denne var det festa ei «eldpanne» som vart fylt med kol og heist 6 meter over bakken. Ein modell av vippefyret står i dag like i nærleiken av det noverande fyrtårnet.

Kvitsøy fyrstasjon is located in Rogaland
Plasseringa til Kvitsøy fyrstasjon

I 1829 vart vippefyret erstatta med eit 18 m høgt sekskanta fyrtårn med kolbluss på toppen. I 1859 vart tårnet gjort 7 m høgare og utstyrt med oljefyrt fyrbluss samt eit linsesystem. Toppen av fyret er no 45 m over havflata. Fyret har 2. ordens lysblinkapparat frå 1910 då lyktehuset vart fornya. I 1938 vart fyret elektrifisert, og i 1969 automatisert og avfolka. Fyret er i dag freda etter lov om kulturminne. Det går ein tursti opp til fyret og vidare ut til havet i vest.

Fyrtårnet er i dag det eldste steintårnet i landet som framleis er i bruk.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]