Slåttar frå Krødsherad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Slåttespelet i Krødsherad har tradisjonelt vore nærskyldt spelet i nedre Hallingdal. Spelestilen her er likevel særeigen, og slekter like mykje på Numedal og Sigdal. Dette skuldast den eineståande stillinga kommunen har som møtestad for folk som skulle nord- og søretter, eller aust- og vestetter.

Spelet i Krødsherad er dokumentert og samla av kryllingen Truls Ørpen. Det meste av spelet er etter Johan Kleven og Wilhelm Sorteberg. Her er lista opp dei slåttane som ikkje høyrer inn under dei større slåttekrinsane.

Gangarar[endre | endre wikiteksten]

6/8:

2/4:

Springarar[endre | endre wikiteksten]

Slåttegrupper tilknytte Krødsherad[endre | endre wikiteksten]

Skrylte-Hans[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 372. Namnet er sett på slåtten i Telemark, men slåtten kjem frå Krødsherad. Slåttenamnet viser til ein kar med Pukkelrygg eller skrull. Myllarguten skal ha lært slåtten i Krødsherad og teke han med seg attende til Telemark.

Den søte Mjølkevellinga[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 409. Slåtten har og vandra til Numedal. Namnet er etter eit slåttestev.

Springar/Sigdalsspringar[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 410. Ein variant frå Krødsherad og ein frå Sigdal. Dei to formene er svært like.

Springar[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 411. Båe formene er skrivne ned av Truls Ørpen, og kjelda er Johan Kleven i båe nedskriftene. Han lærte båe formene av far sin, Ole Kleiva (Gamle-Kleven). Variant a er skriven ned i 1927 (Ø 140), og variant b i 1922 (Ø 40). Skilnaden mellom formene er at variant a går på nedstilt bass. Veka er dei same i båe høva.