Småmarimjelle
Utsjånad
Småmarimjelle | |
Småmarimjelle | |
Status | |
Status i Noreg: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Snylterotfamilien Orobanchaceae |
Slekt: | Marimjelleslekta Melampyrum |
Art: | Småmarimjelle M. sylvaticum |
Vitskapleg namn | |
Melampyrum sylvaticum |
Småmarimjelle (Melampyrum sylvaticum) er ei eittårig urt i snylterotfamilien med ei europeisk utbreiing. Arten har før vore rekna til maskeblomfamilien.
Planta er 15 cm høg med ein oftast lite greina stengel. Blomen har ei gullgul krone som er kring 8 mm lang. Han har grann kronrøyr som ikkje er lengre enn dei trekanta begertennene. Kapselen har oftast to frø.
Småmarimjelle er heimleg og blømer kring juli i skogen og langt opp på fjellet over heile Noreg. Arten er funnen opp til 1350 m i Jotunheimen.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 941.
- Tysk Wikipedia.