The Left Banke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Left Banke
The Left Banke 1966.jpg
The Left Banke i 1966
OpphavNew York i New York i USA
Aktiv
  • 1965–1969
  • 1971
  • 1978
  • Sidan 2015
SjangerBarokk pop[1]
Tilknytte artistar
  • Christopher & The Chaps
  • The Magic Plants
  • Montage
  • Stories
  • The Beckies
  • Sam Kogon
Plateselskap
Medlemmer

The Left Banke er eit amerikansk barokkpopband, skipa i New York City i 1965.[1] Dei vert best hugsa for dei to amerikanske hitsinglane sine, «Walk Away Renée» og «Pretty Ballerina».[2] Bandet nytta ofte det musikkpressa omtalte som «barokke» strykearrangement, som førte til at musikken deira vart kalla «Bach-rock» eller «barokk rock».[3] Vokalharmoniane var lånte frå samtidige artistar som The Beatles, The Zombies og andre grupper i den britiske bølgja.[1]

I 2004 kåra Rolling Stone «Walk Away Renée» på 220. plassen på lista over dei 500 beste songane gjennom tidene.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

1965–69: tidlege år[endre | endre wikiteksten]

The Left Banke vart skipa i 1965 og bestod av klaverspelaren og låtskrivaren Michael Brown, trommeslagaren og songaren George Cameron, bassisten og songaren Tom Finn, songaren Steve Martin (som òg brukte namnet Steve Martin Caro) og trommeslagaren Warren David-Schierhorst. Far til Brown, Harry Lookofsky, var ein kjend fiolinist og dreiv eit studio i New York. Han fatta interesse i musikken til bandet og fungerte som plateprodusent, manager og forleggjar.[5] Etter dei første studioinnspelingane fekk David-Schierhorst sparken, og Cameron byta til trommer og Jeff Winfield kom inn på gitar. Brown-songen «Walk Away Renee», vart selt til Smash Records, ein etikett under Mercury Records, og vart ein stor hit seint i 1966. Den andre singelen deira, «Pretty Ballerina», var òg skriven av Brown, og gjekk inn på lista tidleg i 1967, og The Left Banke gav ut albumet Walk Away Renee/Pretty Ballerina. Då hadde Rick Brand erstatta Winfield på gitar.

Brown og resten av bandet byrja å bli usamde om retninga vidare. Då «Walk Away Renee» omsider vart ein hit, var det opphavlege bandet inaktivt. Brown valte å utnytte suksessen til singelen og sette i stand ei ny utgåve av The Left Banke for ein turné, med Bert Sommer på solovokal, den originale trommeslagaren Warren David og Michael McKean på gitar (seinare kjend som medlem av Spinal Tap). Brown spelte òg inn singelen «Ivy, Ivy» med «And Suddenly» som The Left Banke, i lag med Sommer og ei gruppe studiomusikarar.[6][7] Dei andre medlemmane hyrte advokatar for å få bandet til å stoppe og bønfalte fanklubben om å boikotte plata,[8]. Radio og Smash Records fjerna etter kvart støtta til singelen, og han gjekk ikkje inn på Billboard Hot 100. Det «nye» Left Banke spelte aldri konsertar. «And Suddenly» vart sidan spelt inn av gruppa The Cherry People og vart ein liten hit.[9] McKean fekk seinare suksess som skodespelar (Laverne & Shirley, This Is Spinal Tap, Better Call Saul).

Seint i 1967 vart den originale gruppa samla att for å spele inn nokre songar, inkludert singelen «Desiree.» Brown slutta permanent i gruppa kort tid etter og vart erstatta av Emmett Lake på konsertar. Cameron, Finn og Martin fortsette å spele inn musikk og turnere, med Tom Feher i staden for Lake på klaverinstrument. Feher skreiv halvparten av dei nye songane til bandet. Songane vart spelte inn av forskjellige variantar av gruppa i 1967 og 1968, og sett saman til eit andre album, The Left Banke Too, som kom ut i november 1968. Med på dette albumet var ein ung Steven Tyler (som seinare vart songar i Aerosmith) med på korvokal på «Nice To See You», «My Friend Today» og «Dark Is The Bark». Bandet fortsette å spele konsertar i 1968, utan Martin, men vart etter kort tid oppløyst på grunn av mangel på suksess og pengeproblem. Seinare same året gjekk Brown og Martin saman i studio og spelte inn ein ny singel som The Left Banke, «Myrah» med «Pedestal», som vart den siste singelen deira for Smash Records.

Sidan 1971[endre | endre wikiteksten]

I 1971 kom Brown, Cameron, Finn og Martin saman for ein kort periode og spelte in to songar for filmen Hot Parts. Songane, «Love Songs in the Night» og «Two by Two», vart gjevne ut som solosinglar av Steve Martin på Buddah Records, trass i bidrag frå dei fire medlemmane frå The Left Banke. I 1972 tilbaud produsenten Les Fradkin å produsere eit prosjekt for gruppa på Bell Records. Sjølv om desse innspelingane ikkje kom ut då, vart ein av songane, «I Could Make It Last Forever», gjeven ut på Fradkin-albumet Goin' Back i 2006. I 1978 kom Martin, Cameron og Finn saman som The Left Banke for å spele inn songar for eit album som ikkje kom ut då. Ein singel frå innspelingane, «Queen of Paradise» (med «And One Day»), kom ut seint i 1978 til ein viss suksess. Albumet kom til slutt ut i 1986 som Strangers on a Train (Voices Calling i Europe). Men albumet selde dårleg.

Forskjellige utgåver av bandet har sidan 2011 kome saman og turnert i lag.

Bandmedlemmar[endre | endre wikiteksten]

Noverande medlemmar

  • Steve Martin Caro — solovokal, gitar, trommer, tamburin, bass (1965–1969; 1971; 1978)
  • Sam Kogon — solovokal (sidan 2014)

Tidlegare medlemmar

  • George Cameron — trommer, perkusjon, korvokal; solovokal, gitar (1965–1969; 1971; 1978; 2011; død 2018)
  • Michael Brown — piano, cembalo, Clavinet, orgel, solovokal (1965–1967; 1969, 1971, 1978; død 2015)
  • Tom Finn — bass, gitar, korvokal, solovokal (1965–1969; 1971; 1978; 2011)
  • Warren David-Schierhorst — trommer (1965–1966)
  • Jeff Winfield — gitar (1966; død 2009)
  • Rick Brand — gitar, banjo (1966–1967)
  • Bert Sommer — solovokal, gitar (1967, død 1990)
  • Michael McKean — gitar (1967)
  • Tom Feher — piano, gitar (1968–1969; død 2018)

Tidslinje[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder:[10][11][12]

Album[endre | endre wikiteksten]

Dato Tittel Listeplassering
U.S. 200[13] Cash Box
Februar 1967 Walk Away Renée/Pretty Ballerina 67 59
November 1968 The Left Banke Too
Mars 1986 Strangers on a Train (aka Voices Calling)
«—» syner til at alubmet ikkje gjekk inn på lista

EP-ar[endre | endre wikiteksten]

  • 1983 - Walk Away Renee (Bam-Caruso NRIC022)

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Dato Singel (A-side, B-side)
Begge sider frå same album, bortsett frå der anna er nemnt
Katalognummer Listeplassering Album
Billboard[14] Cash Box RPM Magazine
Juli 1966 «Walk Away Renée»
med «I Haven't Got The Nerve»
Smash 2041 5 2 3 Walk Away Renée/Pretty Ballerina
Desember 1966 «Pretty Ballerina»
med «Lazy Day»
Smash 2074 15 12 4
Mars 1967 «Ivy Ivy»
med «And Suddenly»
Smash 2089 119 106 Ikkje albumspor
Mai 1967 «She May Call You Up Tonight»
med «Barterers and Their Wives»
Smash 2097 120 118 Walk Away Renée/Pretty Ballerina
Juni 1967 «Desiree'»
med «I've Got Something On My Mind» (from Walk Away Renee/Pretty Ballerina)
Smash 2119 98 127 The Left Banke Too
Juni 1968 «Dark Is The Bark»
med «My Friend Today»
Smash 2165
November 1968 «Goodbye Holly»
med «Sing Little Bird Sing»
Smash 2198
Februar 1969 «Bryant Hotel»
med «Give The Man A Hand»
Smash 2209
Mai 1969 «Nice To See You»
med «There's Gonna Be A Storm»
Smash 2226
November 1969 «Myrah»
med «Pedestal»
Smash 2243 Ikkje albumspor
Mars 1971 «Love Songs In The Night»
med «Two By Two»
Buddah 219
1978 «Queen Of Paradise»
med «And One Day»
Camerica 0005 Strangers On A Train
«—» syner til at albumet ikkje gjekk inn på singellista
«» gjeven ut som Steve Martin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «The Left Banke Biography». AllMusic. Henta 1. september 2019. 
  2. Gilliland, John (1969). «Show 37 - The Rubberization of Soul: The great pop music renaissance. [Part 3] : UNT Digital Library» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. Henta 1. september 2019. 
  3. «Jeff Winfield Obituary». The Villager. Henta 1. september 2019. 
  4. «The RS 500 Greatest Songs of All Time». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 25. oktober 2006. Henta 1. september 2019. 
  5. «Stories Biography». AllMusic. Henta 1. september 2019. 
  6. «Michael McKean sets the record straight on The Left Banke». News, Reviews, and Interviews. Henta 1. september 2019. 
  7. «Q&A With Michael McKean of Spinal Tap, Appearing at the Fillmore Miami Beach on May 5!». Miami New Times. Henta 1. september 2019. 
  8. «Tom Finn Interview - Part 1». YouTube. Henta 12. april 2010. 
  9. «And Suddenly by the Cherry People review». AllMusic. Henta 1. september 2019. 
  10. Sandoval, Andrew P. (1992). There's Gonna Be a Storm: The Complete Recordings 1966-1969 (1992 CD liner notes). 
  11. Hyde, Bob. (1985). History of The Left Bank (1985 LP liner notes - discography). 
  12. «USA Single List A-Z 1966-72 - L». Psychlists. Henta 1. september 2019. 
  13. «The Left Banke Billboard Albums». AllMusic. Henta 1. september 2019. 
  14. «The Left Banke Billboard Singles». AllMusic. Henta 1. september 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]