Hopp til innhald

Smetana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei skål borsj med smetana.

Smetana er eit mjølkeprodukt frå Sentral- og Aust-Europa som blir framstilt av uhomogenisert syrna fløyte. Det har blitt hevda at smetana er eit produkt av russisk opphav.[1] Smetana minner om crème fraîche (28 % feitt), men sidan det ikkje har blitt homogenisert, skil det seg ikkje når det blir kokt eller brukt i varme rettar.[1] Dei mest anvende smetana-variantane har 15–30 % feittinnhald,[2] og er meir syrlege enn crème fraîche.[1]

Feittinnhaldet i smetana varierar frå 10 til 70 %. Dei mest alminnelege smetana-variantane som er til sals i supermarknadane har 10–40 % feittinnhald. Tilsetjing av fortjukkingsmiddel som gelatin er ikkje forboden, men er ikkje rekna som autentisk. Smetana-produkt tilsett gelatin og liknande blir sett av forbrukarar flest for å vere av lågare kvalitet og ueigna til matlaging, ettersom nokre rettar vil bli mislykka dersom ein nyttar smetana tilsett fortjukkingsmiddel.

Bruksområde

[endre | endre wikiteksten]
Blini med smetana og raud kaviar.

I mange austeuropeiske kjøken blir smetana brukt i forrettar, hovudrettar, supper og desserter. Til dømes kan det vere blanda i supper, grønsaks- og kjøtrettar,[3] servert med pelmeni eller pirogar, eller bli brukt som fyll i krydra pannekaker. Produktet kan også blandast med hytteost, lauk, paprika og anna krydder til ein pikant smøreost som blir eten på brød. Ettersom smetana i motsetnad til crème fraîche ikkje skil seg ved høge temperaturar, blir det blant anna nytta til kjøt- eller grønsaksgryterettar og andre rettar som krev ei lang tillagingstid i omnen.

Ungarske kokkar bruker smetana (ungarsk tejföl eller tejfel) i sausar som paprikas og i oppskrifter som skinke-fylte pannekaker (palacsinta). I dei seinaste tiåra har mange forbrukarar i stadig større grad spurt etter meieriprodukt med lågare feittinnhald. Difor har smaken og konsistensen til mange meieriprodukt blitt endra.[1] Nokre ungarske kokebøker anbefaler no å erstatte smetana med crème fraîche blanda med fløyte (38–40 % melkefett).[4]

Smetana er mykje utbreidd i det finske kjøken,[1] hovudsakleg i Karelen og Ingermanland.

Russland og Ukraina

[endre | endre wikiteksten]

I ukrainsk og russisk kjøken bruker ein ofte smetana som tilsetjing (garnityr) i borsj og andre supper, også som ingrediens i vareniki og pelmeni.

Schmand er typisk for nokre lokale tyske kjøken, særleg i Hessen og Thüringen. I tillegg til at ein bruker det i krydra rettar, blir det også brukt i kaker som Schmandkuchen og dessertar.

  1. 1 2 3 4 5 Det finske meieriet Valio Ltd. om smetana Arkivert 23. oktober 2014 på Wayback Machine. (en)
  2. OAO Petmol, et russisk mejeri, om fedtprocent i smetana Arkivert 3. mars 2021 på Wayback Machine. (ru)
  3. June Meyers Authentic Hungarian Heirloom Recipes Cookbook (en)
  4. Gundel, Karoly (1992). Gundel's Hungarian cookbook. Budapest: Corvina. ISBN 963-13-3600-X. OCLC 32227400. side 17

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Smetana