Ingermanland

Koordinatar: 59°38′N 29°18′E / 59.633°N 29.300°E / 59.633; 29.300
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingermanland
Kart
Ingermanland
59°38′00″N 29°18′00″E / 59.6333°N 29.3°E / 59.6333; 29.3
Ingermanland kring 1900.
Ingermanland kring 1900.
Ingermanland kring 1900.
Wikimedia Commons: Ingria

59°38′N 29°18′E / 59.633°N 29.300°E / 59.633; 29.300

Flagget til Republikken Nordingermanland

Ingermanland (russisk Ижора eller Ингерманландия, Izjorskaja zemlja og Ingrija finsk Inkeri, estisk Ingeri eller Ingerimaa) er eit historisk landskap mellom elva Neva og Finskebukta i nord, elva Narva og Peipus-sjøen i vest og Ladoga-sjøen og Volkhovelva i aust. Opphavleg utgjorde Neva grensa mellom Ingermanland og Karelen, men frå omkring 1600 vart grensa trekt lenger nord på Det karelske neset. Folkesetnaden i Ingermanland snakka historisk ulike finsk-ugriske språk (sjå blant anna ingrisk). Etter andre verdskrigen har området vore heilt russifisert.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg var området busett av finske stammar, votar, karelar og ingrar. Svenskar og russarar hadde konkurrerande interesser i området frå tidleg i vikingtida. Frå 1100-talet låg landet delvis under fyrstedømet Novgorord. Seinare prøvde svenskane å sette seg fast i Ingermanland. Den første festninga der vart først bygt tidleg på 1300-talet. Det var den svenske festninga Landskrona ved utløpet til elva Okhta i Neva. I 1580-åra fekk Ingermanland status som svensk område, vart overlevert til Russland ved freden i Teusina 1595 og vart igjen svensk 1617 etter den ingermanlandske krigen med freden i Stolbova.

Festningane Ivangorod (Jaanilinn), Jama (no Kingisepp), Koporje og Nöteborg (no Sjlisselburg) vart senter for dei fire ingermanlandske slottsläna. Områda vart styrt som ei buffersone mellom Russland og Finland og var tynt folkesett. I 1664 hadde Ingermanland totalt 15 000 innbyggjarar. Svensk luthersk misjonering møtte motstand hos den russiske-ortodokse folkesetnaden, men ei stadig finsk innvandring auka gradvis delen av lutheranarar til 73,8% i 1695. Festninga Nyenskans vart bygd ved munningen av Neva 1611 og gjort til administrativt sentrum på rekning av Ivangorod i 1642. Festninga vart sterk skadd etter eit russisk åtak i 1656. Administrasjonen vart då flytta til Narva.

Under den store nordiske krigen vart området erobra av Russland. Den nye russiske hovudstaden St. Petersburg vart grunnlagd i nærleiken av Nyenskans i 1703. Den endelege avståinga vart avtalt ved freden i Nystad i 1721. Under russisk styre auka det russiske folkeinnslaget sterkt, men folket i bygdene var hovudsakleg finske, og bøndene vart liveigne. Liveigenskapen vart avskaffa 1861.

Som guvernement gjekk området under ulike namn: Ingermanlandske guvernement 1708-1710, Sankt-Petersburgske guvernement 1710-1914, Petrogradske guvernement 1914-1924 og Leningradske guvernement 1924-1927.

Den finsktalande folkesetnaden hadde auka i mengder til over 140 000 ved revolusjonen 1917. I den nordlege delen utgjorde dei eit fleirtal av 45 000 då republikken Nordingermanland (Pohjois-Inkeri) vart erklært sjølvstendig i 1919, med uttrykt mål om samskipnad med Finland. Ved den russisk-finske freden i Tartu 1920 vart landa gjenforeint med Russland, med eit avgrensa indre sjølvstyre inntil 1939. Då jordbruket vart kollektivisert i 1928 vart den finske folkesetnaden desimert ved flytting av 18  000 kulakkar. Seinare vart ingermanland-finnane rekna som politisk upålitelege og fleire depoteringskampanjar følgde. 63 000 av dei flykta til Finland under andre verdskrigen. Dei færraste fann tilbake etter krigen. Etter oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 har ingermanland-finnane fått høve til emigrere til Finland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Ingermanland – landskap i Russland» i Store norske leksikon, snl.no.