Tatovering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kondh-kvinne frå India med ansiktstatoveringar.

Tatovering er ei permanent teikning som blir laga ved å legga pigment inn under hudamenneske eller dyr. Tatoveringar er ein type kroppmodifikasjon som hjå menneske vanlegvis blir brukt som kroppsutsmykking eller til ulike åndelege eller symbolske tydingar, medan det hjå dyr vanlegvis blir brukt som identifikasjonsmerke.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonell tatovering på Tahiti.

Ordet tatovering stammar frå det engelske ordet tattoo, som igjen kan sporast tilbake til polynesisk tatu eller tatau, som betyr 'å markera' eller 'å slå' (med ein tatoveringsreiskap).[1][2] Dette viser til den tradisjonelle måten å påføra teikninga på.

Det japanske ordet irezumi tyder 'innføring av blekk', og kan visa til tebori, den tradisjonelle japanske tatoveringsmetoden for hand eller med moderne reiskapar. Ein kan bruka ordet tattoo om ikkje-japansk design. Det vanlegaste ordet for tradisjonelle japanske tatoveringar er horimono.[3]

Tā moko er maorinamnet på tatoveringar, og viser til tatoveringar i maoritradisjonen. Batok eller batik er filippinske namn på tatoveringar. Kakiniit og tunniit er inuittiske namn på dei.

Prosess[endre | endre wikiteksten]

Tatovering med moderne verktøy i Spania.

Tatovering går ut på å injisera pigment i lêrhuda (dermis), hudlaget under overhuda. Dette framande materialet aktiverer fagocyttar frå immunsystemet, som omsluttar pigmentpartiklane. Etterkvart som den skadde huda blir lækja fell den skadde overhuda og eventuelt overflatepigment vekk, medan det blir danna granulasjonsvev djupare i huda, og etterkvart kollagene fibrar. Pigmentet blir halde på plass av generasjonar av makrofagar, konsentrert i laget like under grensa mellom overhuda og lêrhuda. Her ligg det stabilt, men over lengre tid (tiår) har pigmenta ein tendens til å gå djupare inn i lêrjuda, slik at eldre tatoveringar ser svakare og mindre definerte ut.[4]

Tradisjonelle tatoveringsmetodar kan gå ut på å skjera design inn i huda og deretter påføra pigment som blekk eller oske i såra. Ein annan metode går ut på å føra fargen inn i huda ved å slå inn skarpe pinnar eller bein (med form som nåler), eller i nyare tid nåler.

Den vanlegaste tatoveringsmetoden i moderne tid er den elektriske tatoveringsmaskinen, som fører inn blekk i huda med éi eller fleire nåler som er lodda til ei stong festa til ei oscillerande eining. Denne driv nåla eller nålene inn og ut av huda raskt og fleire gonger, vanlegvis 80 til 150 gonger i sekundet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Japansk mann med tatoveringar, fotografert på 1880-talet.

Tatoveringar har vore del av eurasisk kultur sidan yngre steinalder. Det er funne kinesiske mumiar datert til det andre hundreåret f.Kr. med tatoveringar. Japanske tatoveringar skal ha funne stad titusenvis av år tilbake. Mange andre kulturar har hatt eigne tatoveringstradisjoner, frå å gni oske inn i opne sår til å prikka teikn inn med nåler, nesten som moderne teknikkar.

Det eldste funnet av vel bevart tatovert hud er funne på Ismannen Ötzi, med 61 tatoveringsmerke, som levde for over 5100 år sidan.[5][6] Kroppen hans var bevart i isen heilt til han blei oppdaga i Alpane i 1991.[7]

Ainofolket, den opphavlege befolkninga i Japan, bar ansiktstatoveringar. Nokre kvinner på Okinawa og Amami-øyene pleidde å ha såkalla hajichi-tatoveringar på hendene og fingrane, ein praksis som blei forboden av Meiji-regimet i 1899.[8] Tatoveringar var utbreidde blant folk i Polynesia, Filippinane, Borneo, Afrika, Nord- og Sør-Amerika, Europa, Japan, Kambodsja og Kina. På trass av enkelte tabu og forbod er tatoveringar blitt verande utbreidde over heile verda.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Meaning of Tatau 2», pasefika.com, henta 29. november 2022 
  2. «tattoo, n.2». Oxford English Dictionary (3. utg.). Oxford University Press. September 2005.  (Krev abonnement eller medlemskap i britisk offentleg bibliotek.)
  3. «History Of Irezumi/Horimono». Oni Tattoo Design. Henta 17. august 2018. 
  4. «Tattoo Lasers: Overview, Histology, Tattoo Removal Techniques». Medscape. 13. september 2017. 
  5. Samadelli, Marco; Melis, Marcello; Miccoli, Matteo; Vigl, Eduard Egarter; Zink, Albert R. (1. september 2015). «Complete mapping of the tattoos of the 5300-year-old Tyrolean Iceman». Journal of Cultural Heritage (på engelsk) 16 (5): 753–758. ISSN 1296-2074. doi:10.1016/j.culher.2014.12.005. 
  6. Aaron Deter-Wolf, Benoît Robitaille & Lars Krutak. (2016). «The World’s Oldest Tattoos» (PDF). doi:10.1016/j.jasrep.2015.11.007. 
  7. «Tatoveringens historie - Timeless Tattoo 2019» (på norsk bokmål). 22. august 2019. Henta 23. september 2019. 
  8. «Once outlawed, Okinawa’s ‘hajichi’ tattoo culture revived:The Asahi Shimbun» (på engelsk). Arkivert frå originalen 24. september 2019. Henta 26. september 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Tatovering