Snøballjorda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Snøballjorda (av engelsk: Snowball Earth) er ein hypotese som prøver å forklare ei rekkje fenomen i geologiske lagrekkjer gjennom å føreslå ei istid under yngre proterozoikum (1 000–542 millionar år sidan) som var så alvorleg at heile jorda var dekt av isbrear. Uttrykket «Snowball Earth» vart først nytta i 1992 av Jospeh Lynn Kirschvink ved California Institute of Technology.

Paul F. Hoffman ved Harvard University støttar teorien om snøballjorda og peikar mellom anna på flyttblokker, som berre kan eksistere som følgje av isbresmelting, i Namibørkenen. Det er vanskeleg å forklare eksistensen til desse flyttblokkene på annan måte enn med denne teorien, sidan det ikkje finst nokre andre geologiske teoriar som kan forklare førekomsten av glasiale avleiringar i form av tillitt i Namibia.

Hyopotesen kom til som følgje av forsking på «atomvinteren» under den kalde krigen, men vart lenge avfeidd av forskarar på grunn av utrekningar som ein russisk matematikar gjorde der han viste at jorda aldri ville tine opp igjen om noko slikt skjedde. Tilhengjarar av teorien meiner derimot at vulkansk aktivitet kan få sjølv ei jord som er heilt dekt av isbrear til å tine opp igjen. Vulkanar slepp ut CO2 og om heile jorda var dekt av isbrear, kunne ikkje lenger berggrunnen ha teke opp gassen ved forvitring, heller ikkje ved biologiske kalkavsetningar og planteproduksjon. Dette ville dermed ført til auka mengder CO2 i atmosfæren, auka drivhuseffekt og temperaturar høge nok til å smelte isen att. Den kalde snøballtilstanden ville difor ta slutt og i ein overgangsperioden ville det ha blitt særs varmt.[1] Karbondioksiden som vart skylt ut av atmosfæren som hydrogenkarbonat i havet med nedbøren og avrenninga batt seg til oppløyst magnesium og kalsium som karbonat (kalk), og dette syner seg verda over ved at tillittane frå seint i prekambrium ligg under tjukke avleiringar av karbonat.[1]

Under desse kalde periodane må det meste av livet på jorda ha vorte utsletta, bortsett frå somme miljø på havbotnen under isen og i vulkanske område.[1] Det var lite planter og dyr på jorda i denne tida, og dei livsformene som fanst her ville ha blitt påført store påkjenningar mellom ekstrem kulde og varme, men det stimulerte kanskje samstundes til ei eksplosiv utvikling av nye artar, som var betre tilpassa tilhøva.[1] Tilhengjarar av snøballteorien har påpeikt at «den kambriske eksplosjonen», då særs mange nye livsformer utvikla seg, kom like etter den påståtte snøballjorda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Bryhni, Inge. (2009, 15. februar). Snøballteorien. I Store norske leksikon. Henta 7. januar 2014 frå http://snl.no/sn%C3%B8ballteorien.