Snøfrid Svåsesdotter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Snøfrid Svåsesdotter (norr. Snæfríður Svásadóttir) var, ifølgje norrøne soger og seinare tradisjonar, ei av dei mange frillene til Harald Hårfagre. Ho er skildra i Heimskringla og i Ágrip.

Soga om Snøfrid[endre | endre wikiteksten]

Soga fortel av kong Harald møtte Snøfrid ved Dovre.

Snorre Sturlason fortel korleis kong Harald skulle halde julegilde på Tofte ved Dovre, og om Svåse som kalla på han den kvelden. Han var, skriv Snorre, «den finnen som hadde fått lov av kongen å setje gammen sin der på den andre sida åt bakken».[1] Harald følgjer med Svåse ut, og går inn i gamma. Der møter han Snøfrid, «ei nau-ven gjente», som skjenker kongen. Då kongen tek handa hennar, vert han gripen av venleiken hennar, og krev henne same kvelden. Svåse krev att av kongen at han fester henne som kone etter lova.

Da feste kongen Søæfrid og fekk henne, og elska henne så reint i ørska at han brydde seg ikkje om riket sitt og alt det han hadde å gjere. Dei hadde fire søner, Sigurd Rise, Halvdan Hålegg, Gudrød Ljome og Ragnvald Rettilbeine. Sidan døydde Snøfrid. Men ho skifte ikkje let det minste grannet; ho var likså raudleitt som da ho levde. Kongen sat støtt over henne, og tenkte at ho skulle livne opp att. Såleis gjekk det tre vintrar; han sørgde over at ho var død, men heile folket i landet sørgde over at han var forvilla.[2]

Då dei endeleg skifta på senga hennar Snøfrid, vart trolldomen broten, og liket rotna ovende snøgt. Då, skriv Snorre, fekk kong Harald vitet att, og rådde som før for land og rike. Dei fire sønene sende han frå seg i harme, og meinte han var sviken av finnane. Gudrød Ljome vart fostra av Tjodolv frå Kvine, medan Sigurd Rise vart fostra på Ringerike.

Eventyrpåverking[endre | endre wikiteksten]

Det er mogleg Snøfrid er den av konene til Harald Hårfagre som er mest omdiskutert i nyare tid. Ein av grunnane til det, er at Snorre så tydeleg knyter ho til finnane. Nyare historikarar skriv beint ut at Snøfrid truleg var ein same, og fører prov for at soga minner om eit samband mellom nordmenn og samar i tidleg norsk soge.

Mot dette kan ein leggje at forteljinga som ho står er full av eventyrinnslag. Motivet med at ho ikkje rotnar på tre år, minner i mangt om eventyret om Snøkvit, kjend mellom anna frå Jacob Grimm sine samlingar. Eit meir folkloristisk motiv er at møtet er knytt til julehøgtidinga, som óg er kjend for å vera ei uroleg tid for dei underjordiske. Snøfrid tykkjest ha nokre underjordiske drag ved seg. Dette med den sterke tråa ho vekkjer i Harald kan vera ei minning om nyare segner om huldra.

Ágrip skriv at far hennar var ein «seidskratte», altså ein som fór med seidkunst. Dette draget var oftast lagt til finnane.

I Snorre er det ikkje støtt like lett å skilja mellom finnane som historisk folk (samar), eller underjordiske og alvar. Soleis er det ikkje lett å finne utor om Snøfrid-soga er ei segn eller tufta på ei historisk sanning.

I alle høve er Snøfrid framtredande i Heimskringla, ikkje minst av di sonen hennar, Sigurd Rise, er farfar til ringerikskongen Sigurd Syr, far hans Harald Hardråde. Snøfrid er slik stammor til kongsætta vidare ned gjennom soga, og ættemor til det noverande norske kongehuset, som etter ei tolking då har eit segnmytisk opphav.

Seinare[endre | endre wikiteksten]

Soga om Snøfrid har gjeve det moderne norske namnet Snefrid eller Snøfrid.

I 2008 kom det ut eit norsk frimerke, NK 1679-1680, med motiv av Harald og Snøfrid. Det var utforma av Sverre Morken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]