Finn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Finn er eit mannsnamn og ein namnedel som kan ha norrønt eller irsk opphav. Det har namnedag den 16. oktober i Noreg og Sverige og den 26. september i Finland.

Avleiing[endre | endre wikiteksten]

Det norrøne Finnr viser til dei ein tidlegare kalde finnar, nemleg samar. Det har kanskje vore gitt som klengenamn til folk som ætta på desse. Finn kan brukast åleine, men ein finn det i talrike samansetjingar av namn. I mannsnamn er det som regel ei ending, som i Arnfinn og Torfinn. Finn finst òg i nokre få kvinnenamn, som Finnlaug. Namnet finn ein òg i stadnamn, som Finnøy, Finnås, Finnsnes og fylket Finnmark.

Det tradisjonelle irske namnet Finn tyder 'kvit'. Det blir i dag skrive Fionn, og har gjeve dei avleidde namna Finnén og skotsk Fiona. Også dette namnet finst i samansette namn, som Fiontan, Fionnuala og Fionnlagh (anglisert som Finley).

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Finn er brukt som namn på troll i fleire soger, mellom anna Jätten Finn i Lund i Sverige

Phineas Finn (1867) er det eponyme namnet på ein roman av Anthony Trollope.

Huckleberry Finn er namnet på hovudpersonen i boka Adventures of Huckleberry Finn (1884), skriven av Mark Twain.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Finn var mykje brukt i Noreg på 1920-talet, med ein topp rundt 1930 då over 1,0 % av nyfødde gutar fekk namnet. I 2009 var det 7 684 norske menn som heitte Finn.

Finn Schjøll, kjend som «Blomster-Finn».

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Irske sogeheltar og kongar:

Annan bruk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hanks, Patrick; Hardcastle, Kate; Hodges, Flavia (2006), A Dictionary of First Names, Oxford University Press 
  • Søk etter norsk namnestatistikk for Finn hjå Statistisk Sentralbyrå