Ormen Lange

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Storskipet Ormen Lange.
Teikna av Halfdan Egedius til Heimskringla (1899).

Ormen Lange (Ormrinn langi eller Ormr hinn langi) var eit vikingskip (langskip) som vart bygt for kong Olav Tryggvason, ein gong i tida 996-999.

Sogene[endre | endre wikiteksten]

Ormen Lange er omtala i dei norrøne kongesogene, mest detaljert i Soga om Olav Tryggvason. Snorre fortel at skipet vart bygt etter ein modell av eit drakeskip som hovdingen Raud den Ramme på Godøy i Saltfjorden åtte. Kong Olav drap Raud på bestialsk vis og tok skipet, saman med ovende mykje gull, sølv og anna gods. Ormen Lange vart bygt «vinteren etter» ved Ladehammaren i Trondheimsfjorden, og det skal ha vore det største, beste og dyraste skipet som var bygt i Noreg, fram til då. Byggmeisteren var Torberg Skavhogg (Þorbergr skafhögg). Han var først berre «stamnsmed» (stafnasmiðr] og hadde truleg med utsmykkinga av stamnen på skipet, men då han gjorde slik ein meisterleg jobb, vart han utnemnd til å vere «øvste byggmeisteren». Skipet var i alle måtar meir forseggjort enn andre skip og skipsborda var så høge som på eit havskip. Til mannskap vart utvalt berre dei djervaste og sterkaste mennene som fanst, ingen skulle vere under 20 år eller over 60 år. Med andre ord: eit stasskip som høvde til heltekongen Olav Tryggvason.

Sidan Ormen Lange nokså sikkert var utsyrt med drakehovud frå framstamnen, er det rett å kalle det eit drakeskip. Det blir ofte omtala som ein «busse» men i diktet «Eiriksflokkr»[1] er det omtala både som ein drake (naðri) og ein skeid (skeiðr).

To eller tre år etter det var bygt, spela skipet ein sentral rolle i Snorre si skildring av slaget ved Svolder. Der fall kong Olav, og etter den hendinga er skipet ute av soga. I den norrøne sogelitteraturen er Ormen Lange, utan samanlikning, det mest vidkjende vikingskipet, men Snorre si skildring av korleis skipet vart bygt og brukt, minner sterkt om ei klassisk heltesoge, og det meste er ikkje historisk truverdig.

Fakta[endre | endre wikiteksten]

Skipet er nemnt i fleire skaldevers, og det er ikkje tvil om at det må ha eksisterte, og at det var eit staseleg storskip. Snorre opplyser at det hadde 34 rom, medan i sogeverket Ågrip[2] er det nemnt 32 rom. På ymse grunnlag har mange gjennom tidene freista å berekne storleiken på skipet, men det ein med visse kan seie, er at det må ha vore eit nokså høgborda skip, mellom 30 og 40 meter langt.[Note 1].

Snorre fortel òg at det var 8 mann i kvart halvrom og i førerommet var det tretti mann. Dette skulle gi eit mannskap på meir enn 574 mann, noko som opplagt er feil (dekks-arealet ville kort og godt ikkje vere stort nok, sjølv om dei stod skulder til skulder ombord!). Truleg må Snorre ha meint 8 mann for kvart rom, og då kunne mannskapet ha vore på om lag 300 mann, noko som er meir truverdig.

Eit skip på 32-34 rom var sjølvsagt å rekne for eit stort skip i vikingtida, men einståande stort var det knappast. Vi har diverre få andre opplysninger om størrelsen på andre skip frå den tida, men dette kan nemnast:

  • Nå Snorre fortel at ein relativt ukjend hovding frå Salten åtte eit storskip på 30 rom, er det vanskeleg å tru anna enn at ladejarlane og dei andre mektige hovdingane i Noreg må ha eigd skip som var minst like store som Ormen Lange.
  • Etter den eldre Gulatingslova[3] skulle Håløygene stille til leidangteneste med 13 tjuesessar, og i tillegg eit skip på tretti sessar !
  • Sogene fortel at omkring år 1000 fekk kongane i Noreg bygt dei største og staselegaste skipa ved Lade eller Nidaros, for der fanst dei beste skipsbyggarane i landet. Men Lade var ladejarlane sitt domene, og det verkar lite truverdig når sogene gir oss inntrykk av at det var berre kongane Olav Tryggvason og Olav Haraldsson som fekk bygt seg store hærskip der. Sogene seier ikkje noko om storleiken på ladejarlane sine skip. Eirik jarl hadde t.d. eit overlag stort skip som vart kalla «Jarnbarden» som han nytta både i slaget i Hjørungavåg og ved Svolder. Ein kan ikkje tru anna enn at det skipet var bygt i Trondheimen, og at det truleg var minst like stort som Ormen Lange.
  • Snorre sjølv nemner to skip som var monaleg større enn Ormen Lange; draken til Håkon Eiriksson jarl som han nytta i slaget ved Helgeå, var på 40 rom, og draken til kong Knut den store i det same slaget, var på 60 rom. Desse skipa var truleg bygt i byrjinga av 1020-åra.
  • Det største vikingskipet som hittil er funne, er det 36 m lange langskipet «Roskilde 6» som finst ved Vikingeskibsmuseet i Roskilde - sjå[Note 2].

Slaget ved Svolder[endre | endre wikiteksten]

Skalden Hallfred Vandrædaskald nemner Ormen Lange i diktet «Arvedråpa om Olav Tryggvason»[4]:

Ítrfermðum réð Ormi
orðsæll jǫfurr norðan
— snǫrp varð at þat sverða
snót — Eireki á móti.
En hýjǫfnum hefnir
hlýrs þeim Gota stýrði
— áðr óx of gram góðan
gunnr — Hôkonar sunnan.
Den lovpriste kongen styrte
den prektige Ormen
sydpå imot Eirik.
Der vart det ofseleg strid,
men Håkons son styrte
det velbygde skipet sydfrå (tilbake)
ein sterk kamp hadde der vore
omkring den gode kongen.

Helteeposet om Ormen Lange når sitt klimaks i slaget ved Svolder. Olav Tryggvason kjempa frå lyftingen på skipet, men måtte gi tapt for Eirik jarl, bykste på på sjøen og drukna. Eirik jarl hadde då lagt skipet sitt, Jarnbarden, opp til Ormen Lange, slik skalden nemner i «Eiriksflokkr»[1] (3.verset) og ein kan då tolke diktet slik at Jarnbarden var like høgborda som Ormen Lange.

Snorre sluttar skildringa av striden, slik det òg er nemnt i siste verset i «Eiriksflokkr»[1], med at Eirik jarl fekk Ormen Lange og mykje hærfang, og han styrte skipet bort etter slaget (det var altså sjøført). Ein høyrer ikkje meir om Ormen Lange etter dette, og det er blitt spekulert om at skipet var så sterkt skadd, at Eirik jarl ikkje såg seg tent med å reparere det, og at det dermed vart øydelagt. Sjølvsagt høver dette med helteeposet; heltekongen døydde og då «døydde» òg skipet hans.

Forklaringa var kanskje at skipet sin status som helteskip var knytt saman med eigaren, heltekongen. Når han ikkje var meir, var kanskje skipet ikkje så særmerkt lenger og Ormen Lange vart truleg eit av skipa i ladejarlane sin flåte. Det vart, slik det det i røynda hadde vore frå byrjinga, eit storskip som ikkje var stort annleis enn andre storskip.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Ormen Lange vart likevel ikkje gløymt. Då dei norrøne sogene vart skrivne omlag to hundre år seinare, vart skipet gjort til ei nasjonalsymbol og seinare er det blitt nemnt i soger, skaldedikt og viser. Ei av desse er det færøyske kvadet Ormurin Langi, om slaget ved Svolder på til saman 86 vers. Dei fyrste 13 versa[5] vart omsett til norsk av Per Sivle (1857–1904), og vart prenta i avisa Fedraheimen i april 1885.

Dei fleste kjenner truleg strofa «hvor bliver Ormen lange? Kommer ikke Olav Trygvason» frå Bjørnstjerne Bjørnson (1832-1910) sitt nasjonalromantisk dikt om Olav Tryggvason.

I vår tid har ein leddbuss i Drammen fått namnet «Ormen Lange» og eit natur-gassfelt i Norskehavet har fått namn etter skipet.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Om størrelsen på Ormen Lange: Om ein reknar 34 rom og avstanden mellom årehola til 0,9m, blir lengda på skroget 30m. Med tillegg for akter- og framrom blir lengda ein stad mellom 35 m og 40 m. Etter ei usikker kjelde (ei seinare tilføying i sogeteksten) var skipet 74 alner langt, og etter som ei alne på den tida truleg var 47,4 cm, kunne lengda på skipet ha vore 35 m.
  2. Langskipet «Roskilde 6» vart funne i 1997 i Roskilde i Danmark. Det var ca 36 m langt og var på 39 rom (78 årer). Det vart truleg bygt ein gong litt etter 1025. Eit anna stort vikingskip, langskipet Skudelev 2, finst òg ved Vikingeskibsmuseet i Roskilde. Det var ca 30 m langt, var på 30 rom (60 årer), og vart bygt i Dublin, ca 1042. (Ein rekonstruksjon vart bygt i 2004: «Havhingsten fra Glendalough» (sjå kjelder).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Eiriksflokkr av Halldor Ukristne
  2. Ågrip or Noregs kongesoger av Gustav Indrebø, kap. 21 (Samlaget 1973)
  3. Den eldre Gulatingslova i utgjerdbolken (Riksarkivet 1994)
  4. Arvedråpa om Olav Tryggvason av Hallfred Vadrædaskald
  5. Ormen Lange av Per Sivle (1857-1904)


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]