Snegle-Halle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Snegle-Halle (norrønt: Sneglu-Halli) var ein islandsk skald som levde omkring midten av 1000-talet.

Liv og skaldskap[endre | endre wikiteksten]

Snegle-Halle kom frå ei fattig familie frå Fljotar (Fljót) i nærleikan av Svarfadardalen (Svarfaðardalur) på Island. (Begge skaldane Tjodolv Arnorsson og Bolverk Arnorsson kom frå den same staden.) Tilnamnet hans, «sneglu»[Note 1] hadde truleg samanheng med at han var høg av vekst, med lang hals og smal over skuldrene. Han vart òg kalla Graut-Halle (Grautar-Halli) fordi han skal ha vore særs glad i graut[Note 2].

Omkring 1053 kom han til kong Harald Hardråde i Noreg og vart hirdmannen hans. Han reiste på handelsferd til Danmark og deretter reiste han til England, der skal han gjort ei dråpa[1] til kong Harald Godwinson[Note 3]. Seinare kom han attende til kong Harald i Noreg, og stutt tid etter reiste han heim til Island, der han døydde noko før 1066.

I samtida vart han rekna som ein god skald og han skal ha hatt lett for å dikte. Han skal ha vore særs frittalande, slagferdig og djerv i si framferd og hadde ei sjeldan evne til å more andre, noko som kong Harald oftast (ikkje alltid) tykte om. Han kunne òg vere nokså grovkorna, slik som i dette diktet (vers nr 10 i lausaviser), som han gjorde om dronning Tora - etter oppfordring frå kong Harald:

Þú est makligust miklu
(munar stórum þat, Þóra)
flenna upp af enni
allt leðr Haralds reðri.
Tora, du fortener mest av alle,
med det du overgår alle andre,
å vrenge huda på
Haralds lem heilt opp.

I Skaldatal[2] er Snegle-Halle ført opp som skald hos kong Harald Hardråde. Han skal ha gjort Kollevisa (Kolluvísur) som var eit kvad om kyrne han gjætte på Island, ei dråpa[1] om kong Harald, og diktet om den engelske kongen, men ingen av dei er bevart. Desse dikta av han, er kjende:

Lausaviser[3]
Fragment[4] – truleg eit dikt om Harald Hardråde.

Opplysningar om livet til Snegle-Halle, finn ein i islendingesoga «Tåtten om Snegle-Halle» som finst i to versjonar, ein i Morkinskinna[5] og ein utvida i Flatøybok[6].

Kjelder og utfyllande opplysningar[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Det norrøne ordet Snegla, tyder sped eller veik kar.
  2. I islendingesoga «tåtten om Snegle-Halle» blir det fortalt at han døydde medan han sat og åt graut. Då kong Harald fekk dødsbodet, skal han ha sagt: «På grauten må stakkaren ha sprengt seg» (Á grauti mundi greyið sprungið hafa).
  3. Harald Godwinson var konge i England frå januar 1066, til han fall i slaget ved Hastings i oktober 1066. Før han, var Edvard vedkjennaren konge. Kronologien i soga til Snegle-Halle tilseier at enten var det hos kong Edvard han var, eller så må han ha vitja Harald Godwinson før han vart konge.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 dråpa Store norske leksikon
  2. Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource
  3. Lausaviser av Snegle-Halle (Skaldic Project)
  4. Fragment av Snegle-Halle (Skaldic Project)
  5. SNEGLU-HALLA ÞÁTTUR norrøn tekst etter Morkinskinna
  6. SNEGLU-HALLA ÞÁTTUR norrøn tekst etter Flatøyboka

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]