Sorø klosterkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 55°25′48.6″N 11°33′24.3″E

Sorø klosterkyrkje
Sorø Klosterkirke
Soro Klosterkirke.JPG
Foto: Nskrill
Stad Sorø på Sjælland i Danmark
Teknikk Mur
Material Teglstein
Takryttar Over korsskjæringa
Skip Treskipa
Kyrkjegard Det er kyrkjegard ved kyrkja
Preikestol Av Henrik Werner frå 1650
Døypefont Font i sandstein laga av Henning Salling i 1655
Altartavle Frå 1656 av Henrik Werner med figurar av Lorentz Jørgensen og to altarbilete av Abraham Wuchters
Orgel Marcussen & Søn-orgel frå 1942 med fasade i bruskbarokk av Johan Lorentz den eldre
Kororgel frå Poul-Gerhard Andersen's Orgelbyggeri frå 1973
Sitjeplassar 460[1]
Diverse Krusifiks skåre av Claus Berg
Kalkmåleri frå ca. 1400 laga av Morten Maler
Kongegraver
Wikimedia Commons: Sorø Klosterkirke

Sorø klosterkyrkje ligg i SorøSjælland i Danmark og vart reist som gravkyrkje for Hvide-slekta. Biskop Absalon av Lund tilhøyrde slekta og i 1161 kalla han inn cisterciensermunkane frå Esrum kloster for å byggje kyrkja.[2]Ho vart reist i datidas nye materiale teglstein.

Sankt Bendts kyrkje i Ringsted blei reist om lag på same tid og begge kyrkjene blei oppført av teglstein.[3] Det er funne restar av teglomnar i området og Valdemar I av Danmark bygde Valdemarsmuren ved Dannevirke av teglstein i perioden 1160-80.[4]

Absalon er gravlagd i kyrkja. Blant øvrige som ligg gravlagd her er dei danske kongane Valdemar Atterdag og foreldra hans Kristoffer II av Danmark og Eufemia av Pommern. Den norske og danske kongen Olav Håkonsson - barnebarn av Valdemar Atterdag - ligg òg her. Av andre kjende folk finn ein Ludvig Holberg.

Bygninga[endre | endre wikiteksten]

Sorø klosterkyrkje er samansett av eit langt hovudskip og sideskip, krossarmar og høgkor. Kyrkja har 2 x 2 sidekapell. Over kross-skjeringa er det plassert ein takryttar. Hovudskipet får ljos frå ei rad høgtsittande rundbogevindauge som avsluttast mot aust med eit dobbeltvindauge med halvsøyler og omløpande rundstav. Under taket går ei rundbogefrise med dvergsøyler, på gavlen på nordre krossarmen er det bevart ei stigande rundbogefrise som ved ei restaurering på 1800-talet blei kopiert på gavlen på søre krossarmen.

Sørmuren er noko omdanna etter at bogegangen vart riven på byrjinga av 1800-talet. Sokkelen i nordre sideskip med dvergsøyler er ein kopi frå 1800-talet av eit sokkelfragment funne i kjellaren under nordre krossarmen.

Vestgavlen er opphavleg sjølv om utsmykkinga med halvsøyler og bogeslag blei fjerna på 1800-talet og erstatta med glatt murverk i sildebeinsmønster. Nordre sideskip har opphavleg hatt ein vestinngang som no er blenda og står som ei innvendig nisje. Den noverande vestdøra blei opna på 1700-talet og portalinnfatninga er frå 1800-talet.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kirkehistorie.dk
  2. Klosterkirken frå Sorø Klosterkirke
  3. Stilling side 291
  4. Valdemarsmuren

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Niels Peter Stilling: Danmarks kirker, Politikens Forlag A/S 2000, København (dansk), ISBN 87-56760-59-0.