Sparking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Trening med spark innan det amerikanske militæret.
Foto: Monroe F. Seigle

Sparking (frå norrønt sparka)[1] eller spenning (frå sperna, spenna)[2] er det å støyta eit bein mot eit mål eller ut i lufta. Sparking kan vera ein del av slosting, idrett eller oppvising, som dans. Spark blir bruka som angrepsmiddel i nærkamp. Ein kan òg nytta spark til å gje ein liten gjenstand stor fart; dette gjer ein til dømes med ein ball innan fotball og amerikansk fotball. Ordet «sparking» kan òg brukast om å flytte seg framover med ein spark eller sparkstøtting.

Sparking av ball i amerikansk fotball.

Nærkamp[endre | endre wikiteksten]

I handkamp er spark eit slag med foten, kneet eller beinet. Vanlegvis er spark seinare enn slag, men spark er kraftigare.

Sparka er ein fundamental del av mange militære kunstar. Eksempel på dette er; wushu, karate, kickboxing, tangsudo og taekwondo. Andre kunstar brukar ikkje spark i det heile tatt, som for eksempel i boksing. Ein del militære kunstar brukar spark der det blir avgrensa til spark mot den nedre delen av motstandaren sin kropp.

Det finst eit stort tal ulike spark, og mange av dei har eigne namn. Ofte har den same rørsla ulikt namn i dei ulike militære kunstane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.