Sparre Olsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sparre Olsen
Fødd 25. april 1903
Stavanger kommune
Død

8. november 1984
Lillehammer

Yrke dirigent, komponist, akademisk musiker

Carl Gustav Sparre Olsen (25. april 19038. november 1984) var ein norsk fiolinist og komponist.

Bakgrunn og arbeid[endre | endre wikiteksten]

Den første musikkundervisinga si fekk han av Herman van der Vegt i Oslo. Deretter studerte han med Fartein Valen frå 1926 til 1930, då han reiste til Berlin og studerte med Max Buttin ved musikkhøgskulen der. I 1936 var han i London og studerte med Percy Grainger.

I seks år frå 1934 underviste Sparre Olsen ved Musikk-konservatoriet i Bergen. I denne tida dirigerte han òg Bergens arbeiderforenings sangforening. Før dette hadde han òg røynsle som orkestermusikar. Han var òg musikkritiker i Bergens Tidende frå 1939 til 1940. Sparre Olsen mottok Statens kunstarløn frå 1936 og vart Riddar av St. Olavs orden i 1968.

Sparre Olsen har eit særprega tonespråk som avspeglar kjærleik til norsk natur, men òg religiøse lengsler og kjensler. Han har spesielt hatt tyding for norsk korsong, i det han komponerte svært mange vokalverk for kor til tekster av blant anna Olav Aukrust,Jan-Magnus Bruheim, Tor Jonsson, Inge Krokann og Tore Ørjasæter.

Sparre Olsen-konkurransen[endre | endre wikiteksten]

Gjøvik kunst- og kulturskule arrangerer ein landdekkande musikk-konkurranse for barn og unge inntil 19 år. Det vert delt ut ein første pris i kvar av dei fire aldersbestemte klassene, pluss ein ærespris til den deltakaren som uansett klasse gjev den beste heilskaplege og kunstnariske tolking av programmet sitt. Programmet skal bestå av eit verk av Sparre Olsen eller ein annan nyare norsk komponist, ein sats frå eit syklisk verk (sonate, konsert) og eit sjølvvalt stykke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]