Spiranthes cernua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spiranthes cernua


Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Spiranthes
Art: S. cernua
Vitskapleg namn
Spiranthes cernua
(Linné) Rich.
Økologi
Habitat: kalkrik fuktig eng
Utbreiing: sentrale og austlege Nord-Amerika, Nederland, Belgia

Spiranthes cernua er ei plante i skrueaksslekta Spiranthes i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Arten veks ikkje i Noreg.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

I Nederland reknar ein med to underartar:[1]

  • S. cernua ssp. cernua (L.) Rich. (nederlandsk namn knikkende schroeforchis)
  • S. cernua var. odorata (Nutt.) Kreutz & M.H.Schot (nederlandsk namn welriekende schroeforchis)

I mange klassifiseringar er dei to rekna som eigne artar, S. cernua og S. odorata.[2][3][4][5][6]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Båe underartane er kjende frå den sentrale og austlege delen av USA, ssp. cernua òg frå søraustlege Canada.[2][3]

Båe underartane har vore funne forvilla fleire stader i Nederland, men det ser så langt ut til at det er hybridane mellom dei som dannar stabile bestandar.[1] I 2014 vart underarten ssp. odorata òg funne aust i Flandern,[1] og i 2020 og 2022 vart underarten ssp. cernua registrert to ulike stader.[7]

Hybridar[endre | endre wikiteksten]

Hybridane mellom kultivaren S. cernua ssp. cernua 'Chadds Ford' og S. cernua ssp. odorata (nederlansk namn bastardschroeforchis) har etablert seg fleire stader i Nederland. Dei to hybridane som blir danna når den eine eller den andre forelderen er hann, er tydelege å skilje frå kvarandre i utsjånad.[8][9]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 C.A.J. Kreutz mfl. (2016). «Schroeforchis (Spiranthes Rich.) in Nederland». Gorteria Dutch Botanical Archives 38 (3/4/5): 86-157. ISSN 0017-2294. 
  2. 2,0 2,1 «PoWO: Spiranthes cernua». Plants of the World Online. Henta 23. januar 2024. 
  3. 3,0 3,1 «PoWO: Spiranthes odorata». Plants of the World Online. Henta 23. januar 2024. 
  4. «Spiranthes cernua», World Flora Online, henta 29. februar 2024 
  5. «Spiranthes odorata», World Flora Online, henta 29. februar 2024 
  6. Barbara Gravendeel (2016). «Nieuwe schroeforchissen in Nederland en België» (PDF). De Levende Natuur 117 (5): 203-206. ISSN 0024-1520. 
  7. «Verspreidingskaart: Knikkende schroeforchis – Spiranthes cernua». Waarnemingen.be. Henta 23. januar 2024. 
  8. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Spiranthes cernua 'Chadds Ford' × odorata». FLORON. Henta 23. januar 2024. 
  9. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Spiranthes odorata × cernua 'Chadds Ford'». FLORON. Henta 23. januar 2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]