Spjelkavik kyrkje
Utsjånad
| Spjelkavik kyrkje | |||
| Spjelkavik kirke | |||
Spjelkavik kyrkje Foto: Jan-Tore Egge | |||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
|---|---|---|---|
| Bispedøme | Møre | ||
| Prosti | Nordre Sunnmøre | ||
| Sokn | Spjelkavik | ||
| Fellesråd | Ålesund | ||
| Arkitekt | Alf Apelseth | ||
| Innvigd | 1987 | ||
| • Byggjeår | 1987 | ||
| Tårn | Frittståande | ||
| Sitjeplassar | 600 | ||
![]() Spjelkavik kyrkje 62°28′04″N 6°20′52″E / 62.46768°N 6.3478°E | |||
| Wikimedia Commons: Spjelkavik kirke | |||
Spjelkavik kyrkje er ei sekskanta kyrkje i betong og tegl, frå 1987.[1] Ho står på Moa i Ålesund kommune i Møre og Romsdal fylke, nordvest for Moa-senteret.[2]
Kyrkja vart teikna av Alf Apelseth.[1] Den ytre utforminga av kyrkja, som kan minne om eit stort telt, viser til israelsfolket si vandring frå Egypt til det lova landet. I tillegg til kyrkjerommet inneheld kyrkja kyrkjelydssal med kjøkken, undervisingsrom, ungdomssal, speidarrom, aktivitetsrom for klatring, kontor og ekspedisjon. Kyrkja har frittståande klokketårn.[2]
Rundt på dei 6 veggane har biletkunstnaren Håkon Bleken laga i alt 96 glasmåleri som representerer scener frå heile Bibelen.[3]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Spjelkavik kyrkje», kirkesok.no (på norsk), henta 2021-09-24
- 1 2 «Spjelkavik kirke», Norske kirker (på norsk bokmål), 2016-12-28, henta 2021-09-24
- ↑ Skurtveit, Nina (2010-01-20), «Bleken i Spjelkavik», NRK (på norsk bokmål), henta 2021-09-24
