Stranda kyrkje i Stranda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°18′30″N 6°56′51″E

Stranda kyrkje
kyrkje
Strandakyrkje-HH.jpg
Stranda, juni 2008

Foto: Halvard Hatlen

Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Austre Sunnmøre
Sokn Stranda
Fellesråd Stranda
Type Åttekantkyrkje
Teknikk Tømra
Material Tre
Innvigd 1838
 - Endringar Utvida i 1927
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Frå 1648
Altartavle Altarskåp frå slutten av 1400-talet
Diverse orgel 1962, glasmåleri 1924
Wikimedia Commons: Stranda kirke, Stranda

Stranda kyrkje, eller Sløgstad kyrkje, er ei åttekantkyrkje i tettstaden Stranda (også kalla Sløgstad) i Stranda kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1838 (innvigd 30. september)[1] og er bygd i treverk (tømmer). Det er kyrkjegard ved kyrkja.

Ei alterplate frå katolsk tid og eit alterskåp frå kring 1500 er bevart. Plata er i marmor og har relikviegøymer, medan skåpet har motiv med Maria møy med barnet, St. Laurentius og St. Andreas. Utenfor åttekanten er det eit tilbygg for våpenhus og eit for kor, og eit lite tilbygg for sakristi. Bak i skipet er eit galleri rundt veggane.

Arkitekten er ukjent, men jubileumsboka oppgir Knut S. Øye som byggjeleiar.[1]

Stranda vart skilt ut frå Ørskog som eige prestegjeld i 1759.

Historie[endre | endre wikiteksten]

På 1800-talet var folketalet i Stranda kome opp i 1200 og kyrkja frå 1731 vart for lita. Ei ny kyrkje vart oppført på dei gamle tuftene nærmare sjøen. Den vart oppført i åttekant-stilen som var på moten, nabobygdene Stordal, Norddal og Ørskog (står no på Leikong i Herøy) hadde alt fått slik kyrkje. I andre åttekantkyrkjer var det vanleg med fire søyler midt i skipet til å bere taket. Stranda kyrkje fekk i staden eid rad digre bjelkar som ber taket og bind i hop veggane, slik at det blir fri sikt i skipet men litt mindre takhøgde. Treverket i den gamle kyrkja var generelt truleg for smått til å brukast om att, men dørene (med merke for kvar gard) inn til benkane kom truleg frå gamlekyrkja. Alterskåp, preikestol med himling og to kyrkjeklokkar vart flytta over frå gamlekyrkja. Bygget fekk i 1838 raud teglstein som i 1875 vart skifta ut med skiferstein som framleis ligg. Opphavlege kyrkja fire små vindauge, i 1904 vart desse sterkt utvida i høgda og fekk ein halvsirkelforma avslutning. Dei store vindauga er eit stilbrot i følgje jubileumssoga. Bygget har ikkje rein åttekantform med eit tilbygg for våpenhus og eit for kor. I 1927 kom ei lite tilbygg for sakristi. Bak i skipet er eit galleri rundt veggane. Utvendig har bygget alltid vore kvitmåla. Den eldste klokka er frå 1721, den andre frå 1958 - ei klokka støypt i 1823 vart då flytta til gravplassen på Ødegård. Ein vievasskar (av stein) frå katolsk tid vart nytta som døypefont var i Ålesund då byen brann i 1904. Ein kopi står no i kyrkja. Under taket heng ein modell av ein tremasta fullriggar. Kyrkja fekk orgel første gong i 1912, dette vart skifta ut i 1962.[1]

Sløgstad var også prestegard frå 1759 til 1935 då gardsdrifta vart avvikla. Jorda vart stort sett nytta til tomtar i Stranda sentrum.[1]

25. mars 1814 var det valg av representanter til valforsamlinga for Romsdals amt, valforsamlinga skulle velje representantar til Riksforsamlinga på Eidsvoll. Soknepresten Georg Burchard Baade vart vald saman med Lars Larsen Langlo og Ole Larsen Midtbust.[2]

Tidlegare kyrkjer[endre | endre wikiteksten]

J.F.L. Dreier: Utsikt frå Stranda mot Norddalsfjorden, utsnitt med krosskyrkja (1827). I denne kyrkja var det val til valforsamlinga i Molde i 1814.
Stranda kyrkje i Stranda is located in Møre og Romsdal
Plasseringa til Stranda kyrkje i Stranda

Tidlegare låg det truleg ei stavkyrkje på staden, denne vart øydelagdt av eit stort fjellskred 1731 (Skafjell-ulukka) og krosskyrkje i tømmer vart sett opp i staden. På 1800-talet vart krosskyrkja for lita og dagnes åttekantkyrkje vart bygdt.[3] St.Pæders-kyrkja på Opsvik (Uksvik) litt lenger inne ved fjorden er truleg den eldste kyrkjestaden i Stranda,[4] og ein av dei eldste på Sunnmøre.[5] I Aslak Bolts jordebok frå kring 1430 er både «Pæders kirkio sokn a Strandenne» og «Sløstada kirkio sokn» nemnt.[6] Dette viser at det ein periode var to kyrkjesokn i Stranda og at kyrkjestaden på Sløgstad var etablert før Aslak Bolts tid.[7]

Helland skriv at åttekantkyrkja frå 1838 står på den staden der kyrkja før 1731 stod, om lag 3 meter over havnivå.[8]

Peterskyrkja i Opsvik[endre | endre wikiteksten]

Den første kyrkja i Stranda vart truleg reist på Opsvik, kanskje av ein Arnljot Gaddabein på 1000-talet. Kjeldene til historia om Gaddabein er mellom anna dokument i Den Arnamagnæanske Samling. Ifølgje Gjerding vart Gaddabeins forfedre hauglagt etter gamal skikk og i Opsvik-grenda er det tre eller fire gravhaugar.[7] Arnljot skal ha vore ein stormann som på reise i utlandet tok til seg kristendommen, og han bygde truleg eit lite kapell på garden sin. Seinare vart det bygde ei ny kyrkje på ny tuft i Opsvik, og denne fungerte truleg som kyrkje for heile indre Sunnmøre og kan vere ei av dei første på heile Nordvestlandet. Opsvik-kyrkja var vigd til apostelen Peter (St. Pæder), og marmorplata på alteret i dagens kyrkje kom truleg frå Opsvik-kyrkja. Allereie på 1400-talet kom det kyrkje på Sløgstad som vart den nye samlingsstaden, men Opsvik-kyrkja er nemnt i dokument frå 1577. Kyrkja på Sløgstad omtala i 1722 kan vere stavkyrkja frå mellomalderen, den skal ha vore krossforma. Bøndene kjøpte i 1723 kyrkja med tilhøyrande jordegods, og hadde då store kostnader med å sette det gamle bygget i stand - eit bygg som vart rasert etter få år. Ved synfaringa etter Skafjell-ulukka står det at «udi det søndre Kors hvor prædige-Stolen stod i Vinkelen ved Koret, er icke noget inden Kirchen tilbage, icke heller prædige-Stolen.»[1]

Peder Fylling noterte i 1876 at preikestolen hadde ei plate med teksten «Gud Ære og Kirken til Beprydelse er denne Stol bekostet og foræret Strands Kirke av af Niels Jacobsen Knag, Foged over Sundmøer 1648.» Om preikestolen er frå 1648 må den ha følgt med flodbølgja i 1731 og i følge tradisjonen vart den funne flytande på fjorden.[1]

Stavkyrkja på Sløgstad[endre | endre wikiteksten]

Anno 1731 dend 8. January om Aftenen Klokken 10 blev Strands Kirke der var bygt av Staver og Støtter beskadiget af en Vandflod, foraarsaget af Rammer-Fieldets udbristelse, tvert over for Kirken paa den hin side af Fjorden, thi da et stort Støkke som var et Stæd, hvorpaa stod en liden Gaard og endel Furre Skoug, udbragt af bemeldte Field, og faldt i Søen som er meget Dyb, blev dend deraf Saa oprørt at dend med 3 Skollende Dinninger overskyllede den ganske Strandbred og heelt Ramponerede Strands Kirke.

På 1400-talet kom det kyrkje på Sløgstad som vart den nye samlingsstaden.[7] Kyrkja på Sløgstad er omtalt i 1722 og var truleg ei stavkirke fra mellomalderen, den skal ha vore krossforma. Bøndene kjøpte i 1723 kyrkja med tilhøyrande jordegods og kjøpesummen vart fordelt på gardane i soknet - dei bøndene som betalte mest fekk dei beste benkeplassane, ein praksis som varte til omkring 1900. Bøndene fekk store kostnader med å sette det gamle «skrøbelige» bygget i stand - eit bygg som vart rasert av flodbølgja etter få år. I 1725 vart det sett inn ny glasruter. Skafjell-ulukka 8. januar 1731 skada stavkyrkja slik at den var så godt som øydelagt. Ved synfaring etter flodbølgja står det at «udi det søndre Kors hvor prædige-Stolen stod i Vinkelen ved Koret, er icke noget inden Kirchen tilbage, icke heller prædige-Stolen.»[1] Kyrkja vart i 1722 oppmålt til 36x22 fot (skipet) med eit kor på 20x22 fot og to korsarmar på 20x22 fot kvar. Dette ga eit samla golvareal på 2596 kvadratfot. Korsamene var truleg sett opp seinare som tilbygg og kanskje i lafta tømmer sjølv bygget elles var i stavkonstruksjon. Kyrkja fekk truleg tårn omkring 1700, eit våpenhus på 12x10 fot utgjorde truleg tårnfoten.[7] Til samanlikning er Heddal stavkyrkje 1626 kvadratfot og Urnes stavkyrkje 864 kvadratfot. Den tapte stavkyrkja i nabobygda Norddal var på omkring 3000 kvadrat og korsforma.[9]

Peder Fylling noterte i 1876 at preikestolen hadde ei plate med teksten «Gud Ære og Kirken til Beprydelse er denne Stol bekostet og foræret Strands Kirke av af Niels Jacobsen Knag, Foged over Sundmøer 1648.» Om preikestolen er frå 1648 må den ha følgt med flodbølgja i 1731 og ifølgje tradisjonen vart den funne flytande på fjorden.[1]

Krosskyrkja[endre | endre wikiteksten]

Ein krosskyrkje i tømmer vart i 1731 sett opp etter stavkyrkje, men 150 m lenger frå fjorden. Etter den tids reglar skulle utgifter til gjenoppbygging etter brann fordelast på dei andre kyrkjene. For tap ved naturkatastrofar fekk ikkje kyrkjelyden/kyrkjeeigaren slike støtte, sjølv om dei ba kongen om assistanse frå andre kyrkjer. Ein del materiale frå stavkyrkja vart brukt om att og vart hogt tømmer i «kyrkjeteigen» i dei gardane som kyrkja eigde, og det vart utført ein god del pliktarbeid. I 1731 var dei direkte utlegga 34 riksdalar mellom anna til tjære og jern til boltar og spikar. Hans Strøm skreiv at kyrkja ikkje var særleg stor men ordentleg bygd. Kyrkjegarden ved stavkyrkjetomten vart brukte vidare.[7]

Sokneprestar[endre | endre wikiteksten]

Stranda vart eige prestegjeld frå 26. januar 1759.[10] Lista er ikkje fullstendig.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 1,9 Berge, Ivar og Kaare Bakke (1988): Stranda kyrkje 150 år. Utgjeve av Soknerådet.
  2. http://1814.arkivverket.no/#election/church/313
  3. http://www.kulturnett.no/moreogromsdal/kulturminner/kulturminne.jsp?id=T11020076&lang=no_NO lese på nett 23.1.2013
  4. http://www.kulturnett.no/moreogromsdal/kulturminner/kulturminne.jsp?id=T11020076&lang=no_NO lese på nett 23.01.2013
  5. Vestlandets historie. hovudredaktør Knut Helle, medredaktørar Ottar Grepstad, Arnvid Lillehammer og Anna Elisa Tryti. Vigmostad & Bjørke, 2006, bind 3.
  6. Aslak Bolts jordebok. Utgitt ved Jon Gunnar Jørgensen. Oslo: Riksarkivet, 1997.
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 Gjerding, Jørgen (1938). Kyrkjene i Stranda 1000-1938. Ålesund. 
  8. Helland, Amund (1911): Topografisk-statistisk beskrivelse over Romsdals amt. Annen del. Oslo: Aschehoug, s.385.
  9. Dietrichson, L. (1892). De norske stavkirker: studier over deres system, oprindelse og historiske udvikling : et bidrag til Norges middelalderske bygningskunsts historie. Kristiania: Cammermeyer. 
  10. Lampe, J.F. (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen. Redigert av D. Thrap. Kristiania: Cammermeyer.
  11. https://kirken.no/nb-NO/bispedommer/sor-hologaland/nyhetsarkiv/minneord-fredrik-gronningsater/

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]