Skodje kyrkje
| Skodje kyrkje | |||
| kyrkje | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Møre og Romsdal | ||
| Kommune | Ålesund | ||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
| Bispedøme | Møre | ||
| Prosti | Nordre Sunnmøre prosti | ||
| Sokn | Skodje | ||
| Fellesråd | Skodje | ||
| Type | Langkyrkje | ||
| Arkitekt | Meinhardt | ||
| Material | Tre | ||
| Innvigd | 1860 | ||
| • Endringar | Påbygd i 1979 | ||
| Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
| Altartavle | Frå 1883 | ||
| Sitjeplassar | 350 | ||
![]() Skodje kyrkje 62°30′21″N 6°41′49″E / 62.5058°N 6.697°E | |||
| Wikimedia Commons: Skodje kirke | |||
Skodje kyrkje er ei langkyrkje med korte krossarmar i tettstaden Skodje i Ålesund kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1860 og er bygd i treverk (tømmer). Arkitekt var F. Meinhardt og byggmeistrar var Gjert Lien og Elias Tonning frå Nordfjord.
Kyrkja har 350 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.
Altertavla som står på alteret i kyrkja er frå 1883 og er ein kopi etter Adolph Tidemand. Ho viser Jesu oppstode. Tavla vart restaurert i 2007. Kyrkja har òg ei altertavle som er laga av Tavle-Jakob (Jacob Sørensen Giskegaard). Ho var laga til gamlekyrkja som vart bygd i 1750.
Tidlegare kyrkjer i Skodje
[endre | endre wikiteksten]Den fyrste Skodje-kyrkja ein finn nemnd i skriftlege kjelder skal ha vore bygd i 1424. Ho vert omtala i Aslak Bolts jordebok frå kring 1433. Denne kyrkja var i 1750 komen i så dårleg stand at dei måtte byggje ny kyrkje i Skodje og rive den gamle. Kyrkja som vart bygd var i lafta tømmer. Ho vart erstatta med den noverande kyrkja i 1860.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Skodje kirke». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 299. ISBN 82-7527-022-7.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Skodje kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Skodje kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Om Skodje kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- «Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre» for Ørskog prestegjeld på nettstaden til Arkivverket
