Sporadane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sporadane (gresk Σποράδες, Sporádes) er ei nemning som er og har vore brukt om ulike øygrupper i Egearhavet langs austkysten av Hellas.

Frå gamalt av var nemninga Sporadane brukt om alle øyane i Egearhavet utanom Kykladane. Dei har gjennom tidene vore delt inn i mange, til dels overlappande undergrupper.

Etter den administrative reforma i Hellas inngår frå 2011 dei tre øyane Skiáthos, Skópelos og Alónnisos i den nye periferieininga Sporadane.