Spétses
Spétses Lokalt namn: Σπέτσες | |
---|---|
Geografi | |
![]() | |
Stad | Saroniabukta i Egearhavet |
Koordinatar | Koordinatar: |
Øygruppe | Dei saroniske øyane
|
Areal | 27,12 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Attikí Øyane |
Største busetnad | Spétses (4 001 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 4 027 (2011[1]) |
Folketettleik | 148,5 /km² |
Spétses (gresk Σπέτσες, i antikken Σπέτσαι, Spetsai) er ei øy i Hellas som vert rekna til Dei saroniske øyane. Fram til 1948 var ho ein del av det gamle prefekturet Argolidokorinthia, som i dag er delt i periferieiningane Argolída og Korinthía. I antikken vart øya kalla Pityousa og seinare Petses. Øya har berre ein landsby, og var tidlegare berre ein av to provinsar i Hellas som hadde mindre enn fem busetnadar og to kommunar. I dag er Spétses ein kommune i periferieininga Øyane i periferien Attikí.[2]
Ferjer og hydrofoilar går frå Pireus, frå Pláka nær Leonídio og frå Návplio på Peloponnes. Det er strenge reglar for motoriserte køyretøy på øya, så det offentlege transportsystemet består hovudsakleg av hest og kjerre og båttaxiar. Det er enkelte taxiar og bussar på øya, men desse må ha ein spesiell lisens. Dei busette områda er usansett så kompakte at folk flest nyttar scooterar, syklar eller går.
Spétses har ein grunnskule, ein latinskule, eit gymnas og mange kyrkjer spreidd rundt på øya.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Ein har funne arkeologiske funn på Spétses som går tilbake til om lag 2000 fvt. I antikken var derimot øya lite viktig.
Frå 1821 til 1832 spelte øya ei viktig rolle i den greske sjølvstendekrigen mot Det osmanske riket, og var heimstad til krigsheltinna Laskarina Bouboulina. Den moderne, greske fregatten F 453 Spetsai og det historiske greske slagskipet Spetsai er begge kalla opp etter øya.
På 1960- og 1970-talet trekte øya til seg mange rike grekarar frå mellom anna Athen, som eigde sommarhus her eller budde i store luksusbåtar i hamna.
Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]
Byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Folketal 2011[1] |
---|---|
Spétses | 4 001 |
Áji Anárjyri | 18 |
Kouzoúnos | 4 |
Ligonéri | 4 |
Moní Ajíon Pándon | 0 |
Småøyar i kommunen:
- Velopoúla (0)
- Spetsopúla (0)
Referansar[endre | endre wikiteksten]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Spetses frå Engelsk Wikipedia .