Alónnisos
Alónnisos Lokalt namn: Αλόννησος | |
---|---|
Alónnisos | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | Koordinatar: |
Øygruppe | Dei nordlege Sporadane
|
Areal | 64 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Thessalía Sporadane |
Største busetnad | Patitíri (1 628 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 2 750 (2011[1]) |
Folketettleik | 21,2 /km² |
Alónnisos (gresk Αλόννησος), òg skrive Alonisos eller Alonissos, er ei øy vest i Egearhavet i Hellas. Øya er ein del av Dei nordlege Sporadane.
Alónnisos er ein eigen kommune som tidlegare høyrde til Magnisía prefektur, men frå 2011 inngår øya saman med Skiáthos og Skópelos i periferieininga Sporadane i periferien Thessalía.[2]
Alónnisos ligg 3 km aust for Skópelos. Kommunen Alónnisos inkluderer fleire andre småøyar, mellom anna Adelfíøyane, Joúra, Kyrá Panajá, Peristéra, Pipéri, Psathoúra og Skándzoura.
På det breiaste er øya 4,5 km frå nordvest til søraust, og på den lengste 20 km frå sørvest til nordaust. Øya består stort sett av kalkstein. Alónnisos ligg aust for fastlandet i Hellas og Magnisía, nordaust for Évvia og nordvest for øya Skýros. Alónnisos har ein hovudveg som fører til tre landsbyar vest på øya og fleire unytta vegar rundt om på øya.
Alónnisos er òg namnet på hovudlandsbyen på øya. Han ligg sør på øya og vert lokalt kalla Khóra. Hovudhamna til øya, som òg er hovudsete i kommunen, ligg i søraust og heiter Patitíri. Frå her går det ferjer til Vólos, Ájos Konstandínos og Thessaloníki på fastlandet, og til øyane Skiáthos, Skópelos og Skýros.
I mellomalderen og fram til 1800-talet vart hovudlandsbyen kalla Khiliodrómia, som tyder «tusen vegar». Andre namn var Diadrómia og Iliodrómia.
Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]
Dei største byane og ttettstadene i kommunen er:
Tettstad | Folketal 2011[1] |
---|---|
Patitíri | 1 628 |
Vótsi | 473 |
Alónnisos (Khóra) | 208 |
Stení Bála | 104 |
Jérakas | 62 |
Dei andre busetnadene på øya er:
- Kalamákia (59)
- Marpoúnda (59)
- Isiómata (49)
- Mourteró (48)
- Ájos Pétros (22)
Småøyar i kommunen:
- Peristéra (30)
- Pipéri (6)
- Kyrá Panajá (2)
- Adelfíøyane (0)
- Joúra (0)
- Skándzoura (0)
- Psathoúra (0)
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 Folketeljing 2011, revidert
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Offisiell side
- Reiseguide for Alónnisos Arkivert 2007-08-09 ved Wayback Machine.
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Alonissos frå Engelsk Wikipedia .