Sporveismuseet Vognhall 5

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sporveismuseet Vognhall 5.
Gamal trikk på veg ut av museet.
Interiøret i ei vogn frå Holmenkolbanen frå 1917.

Sporveismuseet Vognhall 5 er eit museum på Majorstua i Oslo som vert drive av Lokaltrafikkhistorisk forening i samarbeid med kollektivtransport-selskapet for Oslo og Akershus, Ruter AS. Muset ligg i ein nedlagd vognhall bygd i 1913 for Kristiania Elektriske Sporvei, teikna av arkitekt Paul Armin Due, som Lokaltrafikkhistorisk forening fekk ta i bruk som sitt lokale i 1983. Foreininga, som òg restaurerer gamalt vognmateriell, opna museum der i 1985. I åra 1995 – 1996 vart bygningen pussa opp, og heile utstillinga vart bygd opp på nytt.

Museet hadde i 2016 over 7.000 besøkande. Inngangsprisen er kr. 50 for vaksne / kr. 25 for barn (2017)

Utstillinga[endre | endre wikiteksten]

Utstillinga skildrar soga om kollektivtransporten i Oslo ved å syne døme på vognparken frå alle epokane. Her er det om lag 25 sporvogner og 10 bussar, og dessutan andre kjøretøy, mellom anna ei hestesporvogn frå 1875, Holmenkolbanevogn frå 1897, tidlegare tiders Ekebergbane- og Kolsåsbanevogner, A-vogn, trikkar av typen «Gullfisk», «Kylling», mange toaksla trikkar, og ei av dei tidlegare, raudmåla T-banevognene. Av gamle bussar finst mellom anna «Justerbussen» som i si tid var eigd av Ekebergbanen og seinare nytta i ein norsk filmkomedie frå 1961 med Leif Juster i hovudrolla, ein av Oslos tidlegare trolleybussar (elektrisk buss), bensinbuss frå 1939 og dieselbussar av merka Leyland Worldmaster og Büssing. I tillegg er det utstilling av fotografi med opplysningar, døme på gamle skilt på haldeplassar, kart og anna med relasjon til kollektivtrafikken i Oslo gjennom tidene, og dessutan eit utsal for bøker og liknande.

Frå museet går det kjørbar trikkeline ut til det ordinære sporvegsnettet på Majorstua, slik at det kan kjørast veterantrikk gjennom byen ved ulike høve.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]