Språk i Afrika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Språkfamiliar og språkfylum i Afrika

Språka i Afrika utgjer ikkje ei eintydig språkgruppe. Språkforskarar reknar med at det finst over 2000 ulike afrikanske språk.[1] Det er relativt stor semje om at dei fleste av desse – eller alle – kan plasserast i ei av dei fem store språkgruppene nedanfor:

Dei austronesiske språka er ein språkfamilie, og det er sannsynlegvis også niger-kongospråka, sjølv om det enno ikkje er prova med språkvitskaplege metodar. Dei afroasiatiske språka, dei nilosahariske språka og khoisan-språka blir derimot heller omtala som språkfylum (engelsk language phyla), dvs. samlingar av språkfamiliar som har visse sams drag som gjer at dei kan vere i slekt med kvarande, sjølv om det er langt frå prova.

Alle dei afrikanske landa er fleirspråklege, med på det meste over 500 språk (i Nigeria). Den koloniale arven er sterk i Afrika, alle tidlegare koloniar sør for Sahara – unnateke Somalia – har språket til den tidlegare kolonimakta som offisielt språk, i visse døme i lag med eit afrikansk språk (t.d. Tanzania). Kolonispråka dominerer i administrivt bruk, og fleire land bruker berre kolonispråka i skoleverket også. Det er dermed vanleg at skulevesenet og offisielle organ nyttar eit språk, medan eit, eller fleire, heilt forskjellige språk vert nytta i privatlivet.[2] I dei afrikanske landa nord for Sahara er arabisk offisielt språk de jure, men fransk er de facto nytta mykje i statsadministrasjonen – og i det private næringslivet – i både Tunisia, Algerie, Marokko og Mauritania.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Heine, B, og Nurse, D., African languages: An introduction, Cambridge University Press, 2000
  2. Webb, V. og Kembo-Sure, African voices: An introduction to the languages and linguistics of Afrika, Oxford University Press, 2000
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.