Stéphane Caristan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stéphane Caristan
Fødd 31. mai 1964
Créteil
Yrke friidrettsutøvar

Stéphane Caristan (fødd 31. mai 1964) er ein fransk tidlegare friidrettsutøvar frå Créteil som internasjonalt tevla i hekkeløp. Han vart europameister på 110 meter hekk i 1986, og vann gullmedaljen på 60 meter hekk i innandørs-VM 1985.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Caristan deltok i dei olympiske sommarleikane 1984 i Los Angeles, der han med tida 13,71 vart sjettemann på 110 meter hekk. Ved innandørs-VM 1985 i Paris-Bercy vann han 60 meter hekk på 7,67 sekundar, to hundredels sekundar framom spanjolen Javier Moracho.

I 1986 sprang Caristan dei to beste korthekkløpa i karrieren. Under europameisterskapen i Stuttgart van han semifinalen på ny europarekord, 13,28 sekundar. Og i finalen forbetra han seg til 13,20 og vann med ein margin på 0,22 sekund til finske Arto Bryggare. Eit halvår seinare tok Caristan sølvmedaljen ved innandørs-VM 1987 på tida 7,62 sekundar, vinnaren Tony Campbell frå USA sprang på 7,51. Kort tid etter måtte han få operert høgre kne, og klarde ikkje sidan å nå sitt tidlegare nivå på korthekken.

Noko overraskande kom Caristan tilbake på friidrettsbana i 1991 som langhekkløpar. Året etter tok han seg heilt til finalen i øvinga under Sommar-OL i Barcelona, der han vart nummer sju på personleg rekord, 48,86 sekundar.

Caristan var fransk meister på 110 m hekk samanhengande frå 1983 til 1986. Han vann nasjonalt gull på langhekken i 1992, før han i 1994 vart fransk meister på 400 m hekk for andre gong og deretter la opp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]