Stare

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stare

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga

Sturnus vulgaris m.jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Sturnidae
Slekt: Sturnus
Art: S. vulgaris
Vitskapleg namn
Sturnus vulgaris
Songen til ein stare
Sturnus vulgaris

Stare eller star (Sturnus vulgaris) er ein sporvefugl i starefamilien (Sturnidae).

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Staren er om lag 22 cm lang, og du kjenner han godt igjen med sin metallglinsande svarte fjørdrakt, og sterkt karakteristiske, vårsong som inneheld hermelydar. Om hausten skiftar den fjørdrakta si til vinterdrakt som har små, kvite flekkar.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Ein kan sjå han over heile landet, og i Finnmark kan du sjå han mest i område nær kysten. Den oppheld seg ikkje i tette skogområde og ein finn han heller ikkje i alpine skogområde, i motsetnad til på jordbruksmark. Utbreiinga har variert ganske mykje gjennom det siste hundreåret, og på 1970- og 80-talet, blei ein kraftig tilbakegang registrert pga. forgiftingar og vinteren. Det hekkar om lag 200 og 500 tusen par i Noreg.

Forplanting[endre | endre wikiteksten]

Når du finn staren nær ei fuglekasse og han trår til med si høglytte markering, er det eit skikkeleg vårteikn. Han kan hekke i mange og ulike holrom, og para kan gjerne etablere seg inntil kvarande. Han benyttar fuglekassene dersom at det ikkje er holrom. Dei same fuglane kan kome tilbake fleire år på rad. Eldste norskmerka staren ein veit om var 23 år.[1] Det er mykje fleire hannar enn hoer, så hannen forsvarar reiret sitt mot inntrengjarar. Likevel er den ikkje så godt beskytta for predatorar. Dei legg ofte eitt egg samstundes som dei tek eitt frå vertsparet. Egga er lyseblå og hoa legg 5 – 6 egg som blir ruga i tolv dagar, og det er frå siste egg er lagt. Ungane forlet kassa (reiret) etter 20 dagar. Det er då det er størst predasjonstrykk frå kråke og kattar.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Han har ein vegetabilsk næring som er: korn, frø, frukt, meitemark, sniglar, edderkoppar og meir.

Tilpassing[endre | endre wikiteksten]

Han kjem som ein av dei tidlegaste av trekkfuglane, som vanlegvis er tilbake i mars - i fyrste eller andre veke. Då er dei to månadar tidlegare før eggelegginga, noko som er uvanleg for ein trekkfugl. Dei vaksne, og ein god del ungfuglar kan fortsatt finnast i betydelege mengder ute ved kysten langt ut i oktober. Han kan også overvintre ein god del her.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stare

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk RingmerkingsAtlas. Volum 2. Stavanger 2006