Statens Fjellstuer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Venabu fjellstue, ei typisk fjellstue

Statens fjellstuer var losjihus ved viktige fjellovergangar i Sør-Noreg og langs ferdslevegar i Sør-Noreg og Nord-Noreg. Dei vart bygd, haldne ved like og drivne av staten. Fjellstuer er nemnd i Gulatingslova, der dei er kalla saluhus (sælehus). Dei høyrde i eldre tid under kyrkja. Den fyrste større fjellstova låg på Dovrefjell, ved det som no er Hjerkinn fjellstove, og vart sett opp på initiativ av kong Øystein Magnusson fyrst på 1100-talet. Seinare kom det fjellstover på Filefjell (Maristuen, Nystuen), Hardangervidda, Haukelifjell (Haukeliseter), Strynefjell og fleire andre fjellovergangar.

I Finnmark skjedde utbygginga av fjellstover frå slutten av 1800-talet. På det meste hadde Staten meir enn 40 fjellstover i Finnmark fylke.

Mange av fjellstovene er etter kvart selde til private og er no gjestgjeveri og hotell. I Finnmark driv staten (ved Reindriftsforvaltningen) framleis tre fjellstover (2010): Jotkajávri fjellstue i Alta kommune og Mollisjok fjellstue og Ravnastua i Karasjok kommune. I tillegg forvaltar Statsbygg Bæivasgiedde ødelstue i Karasjok kommune, Šihččajávri fjellstue i Kautokeino kommune og Harvasstua i Hattfjelldal kommune.

Fjellstovene tilbyr enkel og rimeleg overnatting i gjestestover som har rom med 2–6 køyer. Dei har fastbuande oppsittarar og er utstyrde med servise, kjøkken- og sengetøy. Oppsittarane har ikkje serveringsplikt, men dei fleste har likevel matservering og/eller sal av hermetikk, margarin, mjøl og brød. Måltid må tingast på førehand. Alle fjellstover har telefon. Dei er opne heile året.

I Finnmark hadde staten tidlegare òg ein del audestover (kvilestover) som stod opne. Dei var utstyrde med køyer, madrassar, hovudputer, kokeutstyr og bestikk, men ikkje proviant. Den statlege drifta av audestovene er lagd ned. Audestovene i Finnmark blir no drivne av Finnmarkseiendommen.

Statens fjell- og audestover er i Statsbudsjettet definert som Ikkje inntektsgivande eigendomar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Litteratur og andre kjelder[endre | endre wikiteksten]