Statoil Fuel & Retail
Statoil Fuel & Retail ASA | |
Selskapsform | Allmenaksjeføretak |
---|---|
Org.nr. | 995 532 921 |
Skipa | 18. mai 2010 |
Bransje | Energi |
Produkt | Raffinerte petroleumsprodukt |
Hovudkontor | ![]() |
Styreleiar | Alain Bouchard |
Adm. direktør | Jacob Schram |
Tilsette | 8 400[1] |
Omsetnad | 73,7 mrd NOK[1] (2011) |
Nettstad | www.statoilfuelretail.com |
Statoil Fuel & Retail ASA er eit selskap med hovudkontor i Oslo[2] som distribuerer og sel petroleumsprodukt i Skandinavia og Aust-Europa. Det er ått av Alimentation Couche-Tard, operert frå Canada. Selskapet blei oppretta i 2010 ved at all nedstraumsverksemd i Statoil ASA blei splitta ut som eit børsnotert selskap med rett til å nytte varemerket Statoil.[3][4]
I 2010 disponerte selskapet 2 300 utsalsstader for drivstoff i Skandinavia, Polen, Baltikum og i Russland så vel som at dei opererte monalege leveransar av smøreprodukt og drivstoff til skipsfart og til luftfart.[5] Selskapet blei notert på Oslo Børs den 22. oktober 2010.[6] I Noreg blir drifta ivaretatt gjennom dotterselskapet Statoil Fuel & Retail Norge.[7]
Historie[endre | endre wikiteksten]
Selskapet har røter frå distribusjonsselskap i Danmark, Noreg og Sverige som Statoil kjøpte opp mellom 1979 og 1987 til nedstraumsverksemda si.
I 1985 blei bensinstasjonkjeda Esso i Sverige kjøpt opp. Kjeda hadde opphav tilbake til 1896 i Sverige. Likeins blei distribusjonsselskapet til Esso i Danmark kjøpt opp i 1986.[8] I Noreg kjøpte Statoil delar av selskapet Norsk Olje a.s i 1979, og åtte heile selskapet frå 1987. Statoil marknadsførte og selde drivstoff frå ca. 900 bensinstasjonar i Noreg under namnet Norol i perioden 1979 til 1991.[9] Verksemda i Noreg var organisert som eit dotterselskap, frå 1991 under namnet Statoil Norge.
Ut over 1990-talet etablerte Statoil distribusjons- og salsverksemd for petroleumsprodukt i Aust-Europa. Det skjedde i alle Dei baltiske statane, i Polen frå 1992 og i Murmansk frå 1993.[8]
Tidlegare hadde Statoil dotterselskap for bensinstasjonskjeder i Irland og Tyskland, men desse blei selt før 2010.[10]
Frå 19. juni 2012 eig Alimentation Couche-Tard meir enn 80 % av Statoil Fuel & Retail etter gjennomføring av eit oppkjøp som verdsette selskapet til 15,9 milliardar kroner.[11]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 «Annual Report 2011». Statoil Fuel & Retail. Henta 19. oktober 2012.
- ↑ Nettside hos Statoil Fuel & Retail, Henta 19. oktober 2012
- ↑ Farberg, Andreas L. (28. september 2010). «Mr. McStatoil vil vokse seg stor i Polen». E24 Næringsliv. Henta 19. oktober 2012.
- ↑ Torp, Cathrine (3. februar 2010). «Statoil opens for a new ownership structure for its energy and retail business». Stavanger: Statoil ASA. Henta 19. oktober 2012.
- ↑ Lindbæk, Jannik (2. september 2010). «Statoil files OSE application to list Statoil Fuel & Retail ASA». Stavanger: Statoil ASA. Henta 19. oktober 2012.
- ↑ «The Board of Oslo Børs admits two new companies to listing». Oslo: Oslo Stock Exchange. 29. september 2010. Henta 19. oktober 2012.
- ↑ Om Statoil Fuel & Retail Norge AS på statoil.no, henta 19. oktober 2012
- ↑ 8,0 8,1 Nettside hos Statoil Fuel & Retail om selskapet si historie, Henta 19. oktober 2012
- ↑ «Norsk_Olje_a.s.» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ «Statoil_ASA» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ «[http://www.dn.no/energi/article2420214.ece Nå har Statoil solgt bensinstasjonene]». DN.no. 19. juni 2012. External link in
|title=
(hjelp)