Stavanger Museum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Stavanger Museum var ein institusjon som femna fleire historiske bygg og samlingar i Stavanger. Museet blei 1. juli 2010 slege saman med Rogaland Kunstmuseum til aksjeselskapet Museum Stavanger AS, som nyttar kortforma MUST. Museum Stavanger AS har fem avdelingar med underinstitusjonar som femnar om alle dei musea og institusjonane som tidlegare låg under Stavanger Museum og Rogaland Kustmuseum.

Stavanger Museum blei stifta i 1877 og gav namn til Muségata. I hovudmuséet finst no ei kulturhistorisk avdeling, ei zoologisk samling, og eit bibliotek.

I tillegg til utstillingane i Stavanger Museum-bygget finst òg Stavanger Sjøfartsmuseum ved Vågen i Stavanger og Norsk Hermetikkmuseum i Gamle Stavanger. Dei gamle herskapshusa Ledaal og Breidablikk høyrer òg med til samansluttinga. Skipa Anna af Sand og Wyvern er del av sjøfartsmuseet, og zoologisk avdeling har ein ornitologisk stasjon på Revtangen.