Stavne stoppestad
63°24′44.150″N 10°23′0.74040″E / 63.41226389°N 10.3835390000°E
| Stavne stoppestad | |
|
Foto: Stian Rødven Eide (2006) | |
| Stasjonsområde | |
|---|---|
| Stad | Stavne |
| Distanse | 549,24 |
| Opna | 1908 |
| Linjer og rutedrift | |
| Linje(r) | Dovrebanen, Stavnebanen |
| Overgang | |
![]() Stavne stoppestad 63°24′44″N 10°23′01″E / 63.412263888889°N 10.383538888889°E | |
Stavne stoppestad er ein nedlagd jernbanestasjon på Dovrebanen og Stavnebanen på Stavne i Trondheim. Stasjonen vart opna i 1908 med status som haldeplass, men blei oppgradert til stoppestad betjent for reisande og gods i 1922. I 1936 forsvann godsekspederinga ved stasjonen og i 1941 vart Stavne igjen redusert til ein haldeplass medan Stavnebanen blei bygd, noko han hadde heilt til han vart lagt ned.[1]
Stavne vart lagt ned som følgje av opninga av Marienborg stasjon, som låg nærare St. Olavs hospital og skulle gjere det lettare å komme til sjukehuset. Det sørliggande tilknytingssporet til Dovrebanen er i dag ikkje lenger i aktiv bruk, medan det nordre tilknytingssporet går frå Stavne til Marienborg og blir nytta av lokaltog mellom Lerkendal til Trondheim S og Steinkjer.[2] Stavne stasjon ligg 549,24 km frå Oslo S.
Den tidlegere ekspedisjonsbygninga vart rive i 2011 i samband med vegutbygging.[3]
Oversiktskart
[endre | endre wikiteksten]| Teiknforklaring | |||
| Dovrebanen fra Marienborg (549,95 km) | |||
| Stavnebanen mot Lerkendal (550,37 km) | |||
| Stavne stoppestad (549,24 km) | |||
| Dovrebanen mot Selsbakk (546,03 km) | |||
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Stavne holdeplass» frå Wikipedia på bokmål, den 28. april 2013.
- ↑ Bjerke, Thor m.fl. (2013). Banedata 2013. Hamar/Oslo: Norsk Jernbanemuseum og Norsk Jernbaneklubb. s. 116
- ↑ «Stavne–Leangenbanen». Store norske leksikon.
- ↑ Adresseavisen Arkivert 23. mai 2022 på Wayback Machine. 31.1.2011
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]| Førre stasjon | Nedlagt stasjon | Neste stasjon | ||
|---|---|---|---|---|
| Dovrebanen | ||||
| Endestasjon | Stavne-Leangen-banen |
