Hopp til innhald

Stavne–Leangenbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Stavnebanen)
Stavne–Leangenbanen
Tyholttunnelen ved Lerkendal
Info
TypeJernbane
SystemÉinspora uelektrifisert bane
StatusAktiv
UtgangsstasjonMarienborg stasjon
EndestasjonLeangen stasjon
Tal på stasjonar2 (med nedlagde Stavne stasjon)
Drift
Opna2. juni 1957
EigarBane NOR
Type trafikkLokaltrafikk, godstrafikk
LoktyparNSB type 92
Teknisk
KøyrestraumIkkje elektrifisert
Lengd5,8 km
Lengd dobbeltspor0
Kryssingsspor0
Bruer6
Tunnelar1
Planovergangar0

Stavne–Leangenbanen er ei 5,8 km lang jernbanestrekning i Trondheim kommune. Banen tar av frå Dovrebanen ved Stavne på vestsida av Nidelva, kryssar elva og deretter E6 før han kjem til Lerkendal haldeplass, som i dag er den einaste haldeplassen på strekninga. Vidare går jernbanen gjennom den 2,7 km lange Tyholttunnelen før han kjem ut ved Leangen stasjon, og kjem inn på Meråkerbanen mot Hell. I 2013 vart det nybygde sørlege sporet frå Dovrebanen gjenopna etter at dei omfattande vegarbeida i området var ferdige. Banen vil bli elektrifisert som den første delen i samband med elektrifiseringa av Meråker- og Nordlandsbanen som er planlagt ferdig i 2024.[1]

Stavnebanen vart påstarta under 2. verdskrigen etter ønske frå Wehrmacht for å få ein alternativ jernbane utanfor Trondheim sentrum ved ein eventuell sabotasjeaksjon. Fordi det tok lang tid å bygge tunnelen, begynte ein òg å bygge ei parallellstrekning frå Skansen stasjon og gjennom Sandgata. Då krigen var slutt var likevel ingen av dei to strekningane ferdige. Sporet frå Sandgata og vidare gjennom Olav Tryggvasons gate hadde berre nådd Søndre gate.[2] Vidare bygging av Stavne–Leangenbanen vart utsett, og han vart offisielt opna først 2. juni 1957. Til å begynne med vart han berre nytta til godstrafikk, men sidan 1988 er strekninga mellom Marienborg og Lerkendal trafikkert på kvardagar av lokaltog frå Steinkjer. Gjennom Tyholttunnelen går det framleis berre godstrafikk.[3]

Stavnebanen frå Tyholttunnelen i retning Leangen stasjon
Teiknforklaring
Dovrebanen frå Trondheim
550,76 km Trondheim M (1917)
549,95 km Marienborg (2001)
Stavne kulvert (ca. 50 m)
549,61 km Søndre Tilsving
549,24 km Stavne (1908-1999)
Stavne bru over Nidelva (186 m)
Dovrebanen til Heimdal
Stavne–Leangenbanen Holtermanns veg
Klæbuveien
550,37 km Lerkendal (1988)
Strindveien
Tyholttunnelen (2760 m)
Rønningsbakken
Stavne–Leangenbanen Innherredsveien
Thonning Owesens gate
Meråkerbanen frå Trondheim
554,94 km Leangen
Meråkerbanen til Hell
  1. http://www.banenor.no/Prosjekter/prosjekter/Elektrifisering-trondelag/
  2. Nils Carl Aspenberg (1994). Glemte spor: Boken om sidebanenes tragiske liv. Oslo: Baneforlaget. s. 299–300. ISBN 82-91448-00-0.
  3. «Blad 14 Trondheim S - Grong Leangen -Marienborg Hell - Storlien» (PDF). Jernbaneverket. 13. desember 2009. Henta 9. mai 2010.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Stavne–Leangenbanen