Steinar Reiten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steinar Reiten

Fødd10. mai 1963 (60 år)
Molde kommune
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar, lærar
MorAgnes Reiten
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (2001–2005)
  • stortingsrepresentant (2017–2021)
  • vararepresentant til Stortinget (2009–2013)
  • vararepresentant til Stortinget (2013–2017) Sjå dette på Wikidata

Steinar Reiten (fødd 10. mai 1963) er ein norsk lærar og politikar frå Gjemnes. Han representerte Møre og Romsdal og Kristeleg Folkeparti på Stortinget 2017-21. Agnes Reiten var mor hans og Sverre Reiten farfaren.

Steinar Reiten vart utdanna lærar ved lærarskulen i Volda. Etter spesialutdanning i Bergen fekk han i 1989 stilling som media-lærar ved Bjerkly folkehøgskole i Åsnes kommune i Hedmark. Her var han aktiv i lokalpolitikken, varaordførar 1990-2002. Tingbolken 2001-05 var han andre vararepresentant til Stortinget frå Hedmark.

I 2002 fekk Reiten jobb på Averøy ungdomsskole og flytta dit. Perioden 2007-11 var han medlem i fylkestinget i Møre og Romsdal, der han var leiar i miljøutvalet. Han vart i 2011 attvald til fylkestinget, då som Kristeleg Folkeparti sin toppkandidat.

I tida 2009 til 2017 var Reiten fyrste vararepresentant til stortinget for Møre og Romsdal KrF. Han møtte då fleire gongar på Stortinget, i bolkar då den valde Kristeleg Folkeparti-representanten var sjukepermittert. I 2017 var han den fyrste nordmøringen som var Møre og Romsdal Kristeleg Folkeparti sin fyrstekandidat ved eit stortingsval. Han skulle også verte den siste frå fylket som representerte partiet på stortinget. Heile fireårsperioden var han medlem i Næringskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]