Stephen J. Walton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stephen J. Walton
Nasjonalitet Britisk
Fødd 16. mai 1958 (61 år)
Leicester
Yrke skribent
Tema Ivar Aasen, amerikanisering, biografisjangeren
Periode 1991-
Debut Ivar Aasens nedre halvdel
Walton hall i Willamette

Stephen J. Walton (fødd 16. mai 1958 i Leicester) er ein britisk-norsk språkforskar og forfattar. Han er professor i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda og har mellom anna skrive biografiane Ivar Aasens nedre halvdel (1991) og Ivar Aasens kropp (1996). I 2012 debuterte han som skjønnlitterær forfattar med romanen Roadmovie.[1]

Utdanning og arbeid[endre | endre wikiteksten]

Walton tok doktorgrad ved University of Cambridge i 1986 med avhandlinga Farewell the spirit craven : Ivar Aasen and national romanticism om Ivar Aasen og nasjonalromantikken. Før det hadde han studert nordisk og tysk ved University College London. Der byrja han sjølv å undervise i 1983 og han vart etter kvart professor i norsk. Frå 1984 underviste han også årleg ved den internasjonale sommarskulen ved Universitetet i Oslo. Frå 1997 var han professor II i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda og frå 2000 har han vore professor i nynorsk skriftkultur og leiar for Ivar Aasen-instituttet ved høgskulen.[2]

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Walton har skrive to biografiar om Ivar Aasen, Den teksta versjonen om amerikanisering, Skaff deg eit liv! om biografisjangeren og romanen Roadmovie. Han har også skrive for Klassekampen og Dag og Tid.[3][4]

I 2009 fekk han Språkprisen for «framifrå nynorsk i sakprosa»[5] og Melsom-prisen for boka Skaff deg eit liv!.[6]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 2012 – Roadmovie – roman
  • 2009 – Skaff deg eit liv! – sakprosa
  • 2006 – Den teksta versjonen – sakprosa
  • 1999 – Litt laust, mest fast – artikkelsamling
  • 1996 – Ivar Aasens kropp – biografi
  • 1991 – Ivar Aasens nedre halvdel – biografi
  • 1987 – Farewell the spirit craven : Ivar Aasen and national romanticism – doktorgradsavhandling

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Walton, Stephen J.». Nettstaden til Aschehoug & co. Henta 12. februar 2012. 
  2. «Stephen J. Walton». Nettstaden til Høgskulen i Volda. Henta 12. februar 2012. 
  3. «Stephen Walton debuterer med roman». Nettstaden til avisa Møre. 3. februar 2012. Henta 13. februar 2012. 
  4. «Stephen J. Walton». Nettstaden til Samlaget. Henta 13. februar 2012. 
  5. «Språkprisen 2009 til Stephen Walton (nynorsk) og Flerspråklighet i skolen (bokmål)». Nettstaden til Språkrådet. 11. september 2009. Henta 13. februar 2012. 
  6. «Melsomprisen til Stephen Walton». Nettstaden til Universitetet i Stavanger. 29. mai 2009. Henta 13. februar 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]