Ivar Aasen-instituttet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda var fram til 2013 eit forskingsinstitutt med knutepunktfunksjon for nynorsk skriftkultur. Frå 1. januar 2013 vart instituttet omgjort til Forskingssenter for skriftkultur, og underlagt Ivar Aasen-instituttet for språk og litteratur ved Avdeling for humanistiske fag og lærerutdanning, Høgskulen i Volda.

Forskingssenteret tilbyr mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur, som er eit kulturstudium der det nynorske eksempelet vert brukt for å vise korleis menneska har forma skrifta, og skrifta har forma menneska. Instituttet arrangerer seminar og fagmøte, har eigen skriftserie og samarbeider med Nynorsk kultursentrum i Hovdebygda i Ørsta. Instituttet har fire tilsette.

Stephen J. Walton er professor ved senteret.

Skriftserien[endre | endre wikiteksten]

01. Det norske Folkesprogs Grammatik (Ivar Aasen) Ved Terje Aarset
02. Forteljingar om Ivar Aasen (Geir Hjorthol)
03. Norsk Navnebog (Ivar Aasen) Ved Terje Aarset/ Kristoffer Kruken
04. Language Contact and Language Conflict (Unn Røyneland)
05. Ny-Noreg møter Svensk-Finland (Stephen J. Walton)
06. Ivar Aasen`s Logic of Nation (J. Peter Burgess)
07. Litt laust, mest fast (Stephen J. Walton)
08. Nasjonsbygging og modernisering (Jostein Nerbøvik)
09. Aviser på nynorsk (Øystein Sande) NB ! UTSELD !
10. Fortida i notida (Svein Ivar Angell)
11. Den europeiske identiteten (Angell, Burgess, Stråth) NB ! UTSELD !
12. Målkvinner før 1900 (Eli Bjørhusdal)
13. Tru og patriotisme. Ideologi, symbol og ritual i den baskiske nasjonalistrørsla ca.1890-1914. (Aase Norunn Digernes)
14. Elites, Language and the Politics of Identity The Norwegian Case in Comparative Perspective (Gregg Bucken-Knapp)
15. Purt og reint. Om purisme i dei nordiske språka (Helge Sandøy, Randi Brodersen og Endre Brunstad (red.))
16. Skriftkultur (Kjell Lars Berge, Trine Gedde Dahl og Stephen Walton (red.))
17. Mellom sann skrift og mytisk røynd (Rakel Christina Granaas, Geir Hjorthol og Nora Simonhjell (red.))
18. Melankolske klassereiser. Jon Fosses Melancholia I i den nynorske skrifttradisjonen (Kari Garshol Welle)
19. Noregs Boklag – ei forlagssoge (Aud Skipenes)
20. Spisse tenner i mjukt skinn. Hans Sande i ein nynorsk karnevalistisk tradisjon (Bjørg Angvik)
21. Språket i teatret og teatret i språket. Om språkleg identitet ved Det Norske Teatret (Gunhild Hovden Kvangarsnes)
22. Ragnar Hovland - brot og kontinuitet. Sveve over vatna og den nynorske skriftkulturen (Ragnar Didrik Osdal)
23. Demokratisk prøverom - analyse av eit ordskifte for born og ungdom gjennom 30 år (Gudrun Kløve Juuhl)
24. Eit nynorsk «gaeltacht» på Vestlandet? Irsk og nynorsk i eit språkdødperspektiv (Bjørg Nesje Nybø)
25. Det jordiske i Olav Aukrusts idédiktarunivers (Hilde Kathrine Thomassen)
26. Språk og identitet. Spritt Österut
27. Med nynorsk på leselista. Ein komparativ studie av lesevanar blant ungdommar på Sunnmøre og i Trøndelag (Hjalmar Eiksund)
28. Forvirring eller frigjering? Didaktikk og valfridom i nynorsk. Ei gransking av kjennskap og haldningar til valfridom ved fire vidaregåande skular i Møre og Romsdal (Anders Aanes)
29. Viljen til språk - vilje til forsking. Nynorsk i bruk i utdanning og akademisk skriving (Marit Wadsten)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]