Stev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Stev er den vanlege nemninga på eit vers eller eit omkved og kan delast i fleire underkategoriar. Ordet kjem frå vervet å stave, eller substantivet stav, som peikar mot talet på tunge stavingar i verset (all bunden form har tunge og lette stavingar).

Gamalstev[endre | endre wikiteksten]

Gamalstev vert rekna som den eldste stevtypen. Versemålet har to rim, på andre og fjerde lina. Forma er vanleg i mange mellomalderballadar og er difor spreidd over hele Skandinavia, Island, Eire og Storbritannia. Ein reknar med at forma skriv seg frå verseforteljingar frå mellomalderen som vart omsett til norrønt omkring 1300.

Eit typisk gamalstev kan minne om eit ordtak, eller dei er rester av viser som er forsvunne for lenge sidan. Draumkvedet er gjennomførd sunge på dette versemålet, likeeins Bendik og Årolilja.

Døme:

Det stend ei bjørk i Lanjeiseini
som lavar av adde greinir
Mange spørje, men ingen veit
Om Lanjeiskjempun er heimi (Setesdal).

Nystev[endre | endre wikiteksten]

Nystev vert rekna som ei mykje yngre form. Denne forma har fastare versrytme og rimar parvis: A-A, B-B. Desse steva vart mykje nytta til dikt ved spesielle høve og er vanlege i stevjing eller stevleik. Versemålet har vore nytta av nyare diktarar, som til dømes Aasmund Olavsson Vinje i diktsyklusen Storegut, av Aslaug Vaa og av Ivar Aasen.

Døme:

Til lags åt alle kann ingjen gjera
det er no gamalt og vil so vera
eg tykkjer stødt at det høver best
å hjelpa den som det trengjer mest.

Slåttestev[endre | endre wikiteksten]

Slåttestev er vers, stubbar eller viser som er dikta på slåttemelodiar. Her vart rytmen forma av slåtten og oppstod når slåtten vart tulla, om det ikkje var spelemann til stades, og songaren ville brigde med tekst (jmfr. joik). Somme gongar voks steva til heile slåttestev-viser. Visa eller stevet tok ofte namn etter slåtten eller spelemannen slåtten kom frå. Mange av dei lengre visene handla om Myllarguten, eller han er nemnd i teksta. Andre spelemenn, som Hølje Plassen eller Olav Naper kunne òg få slike viser knytt til slåttar dei hadde spela. Vandreslåttar som Hopparen har ofte ei lang rekkje stev knytt til seg, ofte variert over same lesten.

Døme:

Har du´kje hoppa, så hoppa du vel no,
var du´kje galen, så flaug du´kje so,
har du´kje vore i Hjartdal på Tho,
sulla, lulla, lulla-dio (etter hallingen Hopparen, som finst over hele hardingfeleområdet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Dikt

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia på bokmål