Aslaug Vaa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aslaug Vaa
Portrett av Aslaug Vaa (utsnitt av større ark) (15252253971) (cropped).jpg
Fødd 25. august 1889
Vinje
Død

28. november 1965
Oslo

Yrke lyrikar, forfattar, skribent
Ektefelle Ola Raknes
Born Magli Elster, Anne Raknes
Aslaug Vaa på Commons

Aslaug Vaa (25. august 188928. november 1965) var ein norsk lyrikar og dramatikar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Aslaug Vaa var fødd på fjellgarden Nystog i Rauland i noverande Vinje kommune i Telemark som dotter av Tor Aanundsson Vaa (1864–1928) og Anne Marie Roholt (1866–1947).[1] Då ho var fire år gammal flytta familien til Kviteseid der ho vart buande fram til studietida. Ho var syster til bilethoggaren og målaren Dyre Vaa. Gjennom oldemora Signe Jore var ho tremenning til Eivind Groven og Tarjei Vesaas.

Vaa studerte fransk litteratur og kunsthistorie ved universitet i Paris og teaterhistorie ved universitetet i Berlin. Etterpå arbeidde ho ei tid som lærar og journalist.

Alsaug Vaa var gift med psykologen og filologen Ola Raknes frå 1911 til 1938.[1] Ho var mor til bilethoggaren Anne Raknes og lyrikaren Magli Elster, og mormor til Jon Elster.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Vaa debuterte som lyrikar i 1934, 45 år gammal. Den fyrste samlinga heitte Nord i leite. Ho skreiv også skodespel.

I 1935 fekk ho Melsom-prisen. Ho fekk kunstnarløn frå 1955.

Tolkingar[endre | endre wikiteksten]

I 2001 framførte Odd Nordstoga og Øyonn Groven Myhren tingingsverket Nivelkinn bygd på Aslaug Vaa sin diktsyklus av same namn frå Nord i leiteTelemarksfestivalen. Oppføringa vart teken opp og gitt ut på plate, og vann Spellemannprisen 2002.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1934 Nord i leite, lyrikksamling
  • 1935 Skuggen og strendan, lyrikksamling
  • 1936 Villarkonn, lyrikksamling
  • 1938 Steinguden, skodespel
  • 1939 På vegakanten, lyrikksamling
  • 1947 Fotefár, lyrikksamling
  • 1947 Tjugendagen, skodespel
  • 1954 Skjenkarsveinens visur, lyrikksamling
  • 1963 Bustader, lyrikksamling
  • 1964 Dikt i utval, lyrikksamling
  • 1965 Honningfuglen og leoparden, skodespel
  • 1966 Munkeklokka, skodespel
  • 1989 Dikt i samling
  • 1999 Og ordet var..., etterlatne dikt

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Rottem, Øystein (28. september 2014). «Aslaug Vaa». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]