Storfregattfugl
| Storfregattfugl | |
Storfregattfugl, Fregata minor Foto: Jason Corriveau | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Utbreiinga av storfregattfugl | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Orden: | Sulefuglar Suliformes |
| Familie: | Fregattfuglar Fregatidae |
| Slekt: | Fregattfuglar Fregata |
| Art: | Storfregattfugl F. minor |
| Vitskapleg namn | |
| Fregata minor | |
Storfregattfugl (Fregata minor) er ein vidt spreidd sjøfugl i fregattfuglfamilien. Store hekkekoloniar av denne arten finst i Stillehavet inkludert Galapagosøyane og Indiahavet, i tillegg til ein populasjon i Sør-Atlanteren.

Storfregattfugl er ein lettbygd, stor fugl, opptil 105 cm lang, og med overvegande svart fjørdrakt. Arten viser kjønnsdimorfisme; hoer er større enn vaksne hannar og har kvitfarga hals og bryst, og skulderfjøra hos hannen har ein lillagrøn glans. I hekkesesongen vil hannen blåse opp ein raud strupesekk.
Arten lever av fisk som dei tar i flukt frå havoverflata, oftast flygefisk, og medmerkar i kleptoparasittisme, men sjeldnare enn andre fregattfuglar. Dei finn føda i pelagiske farvatn innanfor 80 km frå hekkekolonien eller kvileområde.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Great Frigatebird» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juli 2009.
