Storhamar Dragons

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Storhamar Dragons
Fullt namn Storhamar Dragons
Grunnlagd Ukjend
Heimebane Ingen
(Kapasitet: 6091 sitteplasser)
Styreleiar Stein Onsrud
Hovudtrenar Anders Bartlett Gjøse
Liga Fjordkraftligaen (2020-21)
Heimedrakt
Bortedrakt

Storhamar Dragons er ishockeygruppa i Storhamar Idrettslag. Gruppa blei grunnlagt 18. mars 1957. Klubben frå Hamar har sju seriemeisterskap og seks Noregsmeisterskap på a-lagsnivå. Storhamar spelar heimekampar i Hamar OL-Amfi. Tidlegare spelte dei i Storhamar Ishall, som ligg vegg-i-vegg. Draktfargane er gult og blått. Klubben har om lag 700 medlemmar. Av desse er kring 450 er aktive.

Klubbhistorie[endre | endre wikiteksten]

1950-talet: Byrjinga[endre | endre wikiteksten]

Grunnlaget til klubben blei lagt etter OL i 1952, som inspirerte unge gutar frå Hamar Vest. I 1955 var den første skøyterinken på plass, i det området der Storhamar Ishall ligg i dag. Den fyrste heimekampen blei spelt i 1956, mot gutelaget til Vålerenga og enda med eit 4-9 tap. Klubben blei innmeldt i Norges Ishockeyforbund (NIHF) dette året, og spelte sin fyrste offisielle kamp i junior-NM mot Bækkelaget. Den 18. mars 1957 blei ishockeyavdelinga av Storhamar Idrettslag offisielt grunnlagt. Dette året kom også ein betre rink på plass.

1960-talet: Etableringa[endre | endre wikiteksten]

Storhamar etablerte seg som det leiande laget i Hedmark og Oppland Ishockeykrets, der dei vann Hedmarksserien og Krinsmeisterskapen i 1960. Dei overraska alle med å ta seg til 2. divisjon som fyrste laget utanfor Oslo og etablerte seg der ved å blant anna ta fleire andreplassar. Klubben fekk stor aktivitet og produserte fleire spelarar til aldersbestemte landslag. Storhamar arrangerte også landskamp på Storhamarbana vinteren 1962.

1970-talet: Opprykk og nedrykk[endre | endre wikiteksten]

i 1971 vann gutelaget NM-gull i guteklassen. Klubben beit seg fast i toppen av norsk hockey til tross for dårleg infrastruktur og naturisbane. A-laget var nedom 3. divisjon i 1971/1972, men situasjonen var likevel optimistisk på grunnlag av alle talenta som dukka opp på gutelaget. I mars 1977 sikra klubben opprykk til 1. divisjon for fyrste gong, med fleire unge lokale eigenproduserte spelarar på laget.

Med dette opprykket måtte fasilitetane utbetrast, og ved sesongstarten i 1978 stod kunstisbanen klar. Dette takka vere ein enorm dugnadsinnsats som har prega klubben heile vegen. I denne sesongen debuterte også den komande ishockeylegenda Erik Kristiansen på a-laget, 16 år gamal. Storhamar rykte likevel ned etter 2 år i den øvste divisjonen.

1980-talet: Byrjinga på stordomstida[endre | endre wikiteksten]

Neste steg i utviklinga av klubben var å få bygd inn banen. I 1981 stod Storhamar Ishall med publikumskapasitet på 1500 ferdig. Prosjektet påførte klubben ein økonomisk knekk, men det var uvurderleg for den vidare utviklinga. Under bygginga av ishallen spelte Storhamar heimekampane sine ute på Børstad, der fotballklubben Ham-Kam har sin treningsbane av kunstgras i dag. Våren 1982 rykte klubben opp att til 1. divisjon. Trenaren blei svenske Hans Westberg. 4-3 over Vålerenga og 5-2 over Furuset i comeback-sesongen i 1. divisjon var ein av dei få høgdepunkta. Våren 1983 blei Per-Arne Kristiansen og Erik Kristiansen med på Noreg sitt landslag til B-VM i Japan, og blei dermed klubbens fyrste representantar i eit VM. Saman med spelarimportane Åge Ellingsen og Øivind Løsåmoen var desse også klubbens fyrste representantar i Vinter-OL 1984.

I 1984–85 fekk Storhamarhockeyen sitt endelege gjennombrot i norsk topphockey. Leidd av den karismatiske svenske trenaren Lasse Beckman og med fleire gode spelarar som den finske keeperen Jorma Virtanen, Erik Kristiansen samt Arne og Lars Bergseng blei klubben eit topplag. Arne Bergseng kom for øvrig til klubben etter initiativ frå trenaren Beckman til å starte en innsamlingsaksjon for å kjøpa han fri for 70 000 kr frå Furuset. Klubben tok seriesylv dette året, og publikumssnittet blei meir enn dobla frå året før. Storhamar var no etablert i toppen, men dårleg økonomi og sal av storspelarane Erik Kristiansen og Åge Ellingsen gjorde at laget sleit meir. Dei fekk rett nok fleire sylvmedaljar etter dette, før Kristiansen kom att og ein ny optimistisk periode kunne ta til.

1990-talet: Stordomstida[endre | endre wikiteksten]

Storhamar Ishall og Nordlyshallen

I ein treningskamp i 1992 blei Storhamar det første norske laget som kunne notera seg siger mot eit svensk eliteserielag då dei slo Västra Frölunda 8-6.

I høve av OL på Lillehammer blei det vedteke at Hamar skulle få ein av ishallane, etter iherdig jobbing og lobbyverksemd frå klubben og lokale politikarar. Klubben fekk nærmast ei gedigen gåve da det blei vedteke at Hamar OL-Amfi skulle byggjast. Den 6. desember 1992 flytte klubben over i den nye hallen med 8-4-siger over Stjernen. Framgangen sportsleg sett var bra, og fleire gode spelarar kom til klubben takka vere gode sponsoravtalar. Klubben blei for fyrste gong Eliteseriemeister i 1993, Seriemeister i 1994 og vann «The Double» i 1995. Same året blei det sett stadige publikumsrekordar, med et snitt på 3 700 tilskuere som såg kampane til klubben. Etter dette dominerte Storhamar stort i serien, og pokalen blei nok ein gong gjeven til klubben. Hausten 1995 fekk suksesstrenaren Göran Sjöberg sparken etter internt bråk, og Petter Thoresen tok over trenaransvaret, noko som førte til kongepokal etter fire månader. Klubben sikra seg også den russiske verdsmeisteren Alexander Smirnov.

Sesongen 1996/1997 blei klubbens største reint sportsleg. Forsterka med den andre russiske verdsmeisteren Juri Leonov tok laget 67 av 72 moglege poeng i serien, noko som var ny rekord. Dei sette også rekord med 30 kamper uten tap. Same året vann klubben også NM for tredje gong på rad. Denne suksessen kosta, så ein blei nøydd til å satsa på eit litt lågare nivå slik at dei neste åra var prega av turke på tittelfronten. Det kom rett nok nokre høgdepunkt internasjonalt der klubben avanserte i Europaligaen. I 1998 la Erik Kristiansen opp som spelar etter 21 sesongar. Tjue av desse blei spelt for Storhamar, og draktnummeret hans, 20, blei freda etterpå. Kristiansen skåra i alt 509 mål og hadde 406 assist for 915 poeng. Same året tok klubben tilnamnet Dragons til Storhamar Dragons, og fekk ny layout på både logo og drakter.

2000–talet: I toppen[endre | endre wikiteksten]

Arvtakaren etter Kristiansen, Pål Johnsen, var ein av de viktigaste bidragsytarane til at klubben drog heim med sin fjerde kongepokal i 2000. Han blei etterpå løna med gullpuck og proffkontrakt i den svenske klubben Leksand. I etterkant slutta Petter Thoresen som trenar og Petter Salsten som spelar. På grunn av dette avskreiv mange Storhamar Dragons framfor den neste sesongen, men med Alexander Smirnov og Rune Gulliksen som trenarar, og eit opnare regelverk for import av spelarar, tok laget overraskande seriegull. Men, ei økonomisk reingjering var nødvendig for klubben sin vidare eksistens og førte til mange tunge stunder for klubben. Ei tilleggssatsing på forretningsdrift skulle sikra dette. 2001 blei eit godt år sportsleg sett for juniorlaga og gutelaget, som vann dei fyrste titlane på dette nivået. A-laget blei også noregsmeister og seriemeister i 2004 der laget vann med knappe to poeng framfor Vålerenga. Finalen mot same laget blei den mest dramatiske i norsk hockey for 7 405 tilskodarar, noko som er tilskodarrekord i Hamar OL-Amfi.

I sesongen 2004/2005 enda Storhamar på ein 3. plass på tabellen. Etter fire tap på rad, blei begeret fullt for trenarteamet i Storhamar. Trass i forsterkingar frå lockouten i NHL, henta Storhamar inn Chris Clark frå (Calgary) og Mike Wilson frå (NY Rangers), samt klubblause Brent Gauvreau. Etter kampen mot Lillehammer trekte Petter Salsten seg, og inn kom Petter Thoresen. Det blei også semifinaletap i NM mot TIK.

I sesongen 2005/2006 sikra Storhamar sitt sjuande seriemeisterskap allereie i 29. serierunde, med sju gjenståande kampar, med 9–1-siger over Manglerud Star, men blei slått ut i semifinalane av Vålerenga.

I sesongen 2006/2007 feira klubben sitt 50-årsjubileum, Storhamar tok ein andreplass i serien bak Vålerenga og tapte finalen 4-1 samanlagt mot Vålerenga. Christian Larrivée enda sluttspelet med rekordsifra 13 mål, 19 ass. og 32 poeng på 17 kampar. Trass i at han var på det tapande laget, var det ingen invendingar mot at han blei kåra til beste spelar i sluttspelet.

I sesongen 2007/2008 enda laget på fjerdeplass i serien, men vann noregsmeisterskapen etter å ha vunne 4-2 i kampar over Frisk Asker i finalen. Dei slo ut Stavanger Oilers og Vålerenga i kvartfinalen og semifinalen. Året etter blei det 5. plass i serien og stopp i semifinalen mot Sparta Warriors etter at Stavanger Oilers blei slått i kvartfinalen for andre år på rad. Igjen i 2009 fekk Dragons økonomiske problem då dei kom ut med tre millionar i minus.

Før 2009/10-sesongen blei det utskiftingar i administrasjonen. Carl Oscar Bøe Andersen, også kjent som COBA i hockeykrinsar, blei tilsett som dagleg leiar, medan trenar Alexander Smirnov og manager Torbjørn Orskaug forsvann ut av trenarteamet. Rune Gulliksen tok over som hovudtrenar sommaren 2009, men sa opp stillinga ved sesongslutt.

2010–[endre | endre wikiteksten]

Svenske Peter Johansson blei tilsett som hovudtrenar før 2010/11-sesongen, medan den gamle Storhamarhelten Michael Smithurst blei ny assistenttrenar. Den kjende friidretts- og sykkeltrenaren Johan Kaggestad blei same året vald inn i klubbstyret. I april 2011 takka Peter Johansson for seg som hovudtrenar og gjekk til Sparta, og Michael Smithurst blei ny hovudtrenar. Ny styreleiar blei Eskil Ervik då Tore Tomter takka for seg etter 12 år i klubbstyret, dei seinaste som leiar. Ut av styret gjekk også Micky Bjerke, Johan Kaggestad og Jan Larsen.

Dei vart noregsmeistrar og seriemestrar i 2018.

Spelarstall[endre | endre wikiteksten]

# Spelar Pos Alder Heimstad
1 Jonas Strand G 22 Trondheim, Noreg
42 Viktor Kokman G 27 Norrköping, Sverige
16 Patrick Elvsveen F 18 Hamar, Noreg
17 Eirik Salsten C 26 Oslo, Noreg
19 Simen André Edvardsen C 21 Hamar, Noreg
22 Martin Rønnild C/W 24 Fredrikstad, Noreg
23 Christian Larrivée C 38 Gaspé, Canada
29 Robin Dahlstrøm W 32 Oslo, Noreg
36 Elias Antonsen LW 19 Lørenskog, Noreg
40 Rasmus Ahlholm W 30 Stockholm, Sverige
41 Patrick Thoresen (C) W 36 Oslo, Noreg
71 Eskild Bakke Olsen C 18 Hamar, Noreg
86 Jonathan Hafsmoe F 20 Asker, Noreg
90 Jonas Djupvik Løvlie C/LW 30 Oslo, Noreg
91 Mikael Zettergren C/W 37 Hägersten, Sverige
98 Jacob Lundell Noer F 22 Oslo, Noreg
7 Sander Vold Engebråten D 18 Hamar, Noreg
12 Mats Larsen Mostue D 31 Hamar, Noreg
13 Sondre Bjerke D 24 Oslo, Noreg
27 Isak Hansen D 17 Hamar, Noreg
48 Markus Aas-Eng Mikkelsen D 20 Hamar, Noreg
52 Erik de la Rose D 27 Arvika, Sverige
68 Sander Vedul-Kjelsås D 17 Trondheim, Noreg
69 Jimmy Andersson D 35 Karlstad, Sverige
79 Andreas Øksnes (A) D 29 Steinkjer, Noreg

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Noregsmeister (7 gonger):

  • 1995, 1996, 1997, 2000, 2004, 2008 og 2018

Tapande finalistar (8 gonger):

  • 1994, 1998, 1999, 2002, 2003, 2007, 2015 og 2019

Seriemeistrar(8 gonger):

  • 1993 (Eliteseriemeistrar), 1994, 1994/1995, 1996/1997, 2000/2001, 2003/2004, 2005/2006 og 2017/2018

Noregsmeister Eldre junior (1 gong):

  • 2000/2001

Seriemeister Eldre junior (2 gonger):

  • 2000/2001 og 2003/2004

Noregsmeister Yngre junior (1 gong):

  • 2000/2001

Seriemeister Yngre junior (2 gonger):

  • 1999/2000 og 2000/2001

Seriemeister U17 (1 gong):

  • 2009/2010

NM-gull i guteklassen (1 gong)

  • 1971

Gullpuckvinnarar

Viktigaste sluttspel-spelar

Hamarprisen

Årets lag

Trenarar[endre | endre wikiteksten]

Kapteinar sidan 1982[endre | endre wikiteksten]

Kjende utøvarar med tilknyting til klubben[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]