Strömsunds kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strömsunds kommun
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Jämtlands län
Landskap Jämtland, Ångermanland
Del av Jämtland, Ångermanland, Lappland i Sverige, Q61666685, Q61666672
Centralort Strömsund
Areal 11 857 km²
 - land 10 567 km²
 - vatn 1 290 km²
Folketal 12 532
Folketettleik 1 / km²
Kart
Strömsunds kommun
63°51′0″ N 15°34′0″ E
Wikimedia Commons: Strömsund Municipality
Nettstad: www.stromsund.se

Strömsunds kommun er ein kommune i Jämtlands län i Sverige. Kommunen grensar innanfor lenet til Ragunda kommun og Östersunds kommun i sør, og Krokoms kommun i vest, og utanfor til Dorotea kommun i Västerbottens län i nord og Sollefteå kommun i Västernorrlands län i søraust. Han grensar også til Røyrvik kommune og Lierne kommune i Noreg, begge i Nord-Trøndelag fylke. Administrasjonssenteret i kommunen er Strömsund.

Kommunen har sidan 1960-åra hatt ein jamn tilbakegang i folketalet. Når det gjeld terrenget i kommunen, finn ein høgfjell i nordvest og eit gradvis lågare terreng mot søraust. Kommunen har store skogar og mange elvar og vatn. Av næringsvegar er det noko industri, og kommunen er eit handelssentrum for den nordlege delen av Jämtland. Tettstaden Gäddede har ein del grensehandel frå norsk side. I tillegg finn ein skogbruk og treindustri, og metall- og næringsmiddelindustri i Strömsunds kommun.

Administrativ historikk[endre | endre wikiteksten]

Området omfattar av sju sokn som i 1863 også vart til landskommunar. I 1893 kom Gåxsjö landskommun til då han braut ut av Hammerdals landskommun. Desse vart samanslegne igjen ved kommunereforma i 1952, samtidig som Bodums landskommun vart slegen saman med Fjällsjö landskommun (som då låg i Västernorrlands län) og Alanäs landskommun med Ströms landskommun. Frostvikens landskommun og Tåsjö landskommun vart ikkje påverka den gongen, for det var ikkje før i 1967 at Tåsjö vart innlemma i Fjällsjö.

I 1974 vart Strömsunds kommun oppretta gjennom samanslåing av kommunane Ström, Frostviken, Hammerdal og Fjällsjö, som i 1971 hadde vorte overførte frå Västernorrlands län til Jämtlands län. Den nye kommunen fekk namnet sitt etter administrasjonssenteret Strömsund. Strömsund var municipalsamhälle i åra 1901–1962, medan Hammerdals municipalsamhälle eksisterte i åra 1941–1965.

Den nye kommunen hadde ved opprettinga drygt 17 600 innbyggjarar, og såleis har folketalet minka med over 5 000 personar sidan midten av 1970-talet. Strömsunds kommun er ein utprega glesbygdkommune, der om lag 60 prosent av folkesetnaden bur i tettstader og 28 prosent i administrasjonssenteret.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Blasonering: «På eit delt skjold med den øvre delen i raudt, er plassert Strömsundsbron i svart silhuett. På den nedre delen, som er i sølv, blå straumar som førestiller vatn i Ströms Vattudal».[1]

Våpenet vart til gjennom ein konkurranse som vart utlyst i 1973. Våpenet er i strid med fleire heraldiske reglar og vart ikkje godkjent av statsheraldikaren, men utsegna hans er berre rådgjevande, så kommunen registrerte det likevel hjå Patent- och registreringsverket i 1974. Alle dei tidlegare kommunane som vart innlemma i den nye, hadde eigne våpen, men ein valde altså å bruke eit heilt nytt våpen i staden for eit av dei gamle.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Det er sju tettstader i Strömsunds kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1. Strömsund 3 516
2. Hammerdal 996
3. Hoting 749
4. Backe 625
5. Gäddede 456
5. Rossön 400
7. Näsviken 221

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «På en delad sköld med den övre delen i rött har placerats STRÖMSUNDSBRON i svart siluett. På sköldens undre del mot silverbotten blå vågor föreställande vatten i STRÖMS VATTUDAL».