Straume på Litlesotra
Utsjånad
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Straume.
| Straume | |||
| stad | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Vestland | ||
| Kommune | Øygarden | ||
| Postnummer | 5353 STRAUME | ||
| Ferdselsårer | |||
![]() Straume 60°21′26″N 5°07′28″E / 60.3572°N 5.12444°E | |||
| Wikimedia Commons: Straume, Øygarden | |||
Straume er kommunesenteret i Øygarden i Vestland fylke.[1] Staden ligg vest på øya Litlesotra. Sartor Storsenter, eit av dei største kjøpesentera på Vestlandet, ligg i Straume sentrum. Frå Straume går Riksveg 555 på Straumsundbrua over til Bildøy.
Busetjinga har vorte så tett i området av Statistisk sentralbyrå reknar Straume og Knarrevik som ein tettstad [2]. Der bur 12 353 innbyggjarar per 1. januar 2024 i Knarrevik/Straume.[3] Tettstadområdet femner også tilliggjande tettbygde strøk sør på Bildøy og aust på Sotra (Kolltveit).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Om oss». Øygarden kommune. Henta 18. mars 2021.
- ↑ SSB: «Tettsteder og sentrumssoner 1. januar 2005 Hordaland» (Kart)
- ↑ «Tettsteder. Folkemengd og areal, etter kommune.»
Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
