Streptokokkhalsinfeksjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein halskultur frå denne 16-åringen testa positivt for streptokokkhalsinfeksjon. Ein kan sjå det tonsillære eksudatet, som er oppsamlingar av puss.

Streptokokkhalsinfeksjon, streptokokkfaryngitt eller halsbetennelse med streptokokkar, ofte berre kalla streptokokkar, er ein form for halsbetennelse som skuldast infeksjon frå gruppe A-streptokokkar.[1] Infeksjonen rammar svelget, mandlane og stundom strupehovudet. Vanlege symptom er feber, sår hals og svolne lymfeknutar. Streptokokkar er ansvarlege for 37 % av tilfella av sår hals hjå barn;[2] 5—15 % hjå vaksne.[3]

Det er ein smittsam infeksjon som kan spreiast gjennom kroppskontakt. Sikre diagnosar kan gjerast med halskultur, men det er ofte nok å behandle symptoma. I sannsynlege eller stadfesta tilfelle kan antibiotika bidra til å minske komplikasjonar og minske rekonvalesenstida.[4] Ein potensiell komplikasjon er revmatisk feber.

Symptom og sjukdomsteikn[endre | endre wikiteksten]

Dei vanlege symptoma ved streptokokkhalsinfeksjon er sår hals, feber høgare enn 38°C, tonsillære eksudat (puss på mandlane) og store halslymfeknutar.[4]

Andre symptom er hovudverk, kvalme og oppkast, magesmerte,[5] muskelsmerte,[6] utslett frå skarlagensfeber eller petekkiar i ganen. Petekkiar i ganen er eit uvanleg, men veldig spesifikt funn.[4] Inkubasjonstida, og dimed tida før symptom oppstår, er mellom ein og tre dagar etter kontakt.[4] Streptokokkhalsinfeksjon er usannsynleg viss pasienten har raude auge, er hås, har rennande nase eller munnsår. Det er òg usannsynleg viss pasienten ikkje har feber.[3]

Årsak[endre | endre wikiteksten]

Streptokokkhalsinfeksjon skuldast infeksjon frå betahemolytiske streptokokkar i gruppe A (GAS eller S. pyogenes).[7] Andre bakteriar, til dømes betahemolytiske streptokokkar ikkje-gruppe A og fusobakteriar, kan òg føre til halsbetennelse.[4][6] Det blir spreidd ved direkte nærkontakt med smitta personar. Store folkesamlingar, som ein finn i militæret eller på skular og liknande, plar å auke transmisjonsraten.[6][8] Tørka bakteriar i støv er ikkje smittsame, sjølv om fuktige bakteriar på tannkostar og liknande kan overleve i opptil femten dagar.[6] Ureina mat kan stundom føre til utbrot.[6] Hjå barn som ikkje visar symptom eller sjukdomsteikn, er 12% berarar av GAS i svelget,[2] og 15% av desse held fram som berarar etter behandling.[9]

Diagnose[endre | endre wikiteksten]

Modifiserte Centor-kriterium
Poeng Sannsyn for streptokokkar Behandling
1 eller mindre <10 % Ingen antibiotika eller halskultur er påkravd
2 11–17 % Antibiotika basert på halskultur eller RADT
3 28–35 %
4 eller 5 52 % Empiriske antibiotikabehandlingar

Modifiserte Centor-kriterium kan brukast for å finne behandling til personar med halsbetennelse. Fem kliniske kriterium kan auke sannsynet for streptokokkinfeksjon.[4]

Eitt poeng er gitt for kvar av kriteria:[4]

  • fråvær av hoste
  • hovne og ømme halslymfeknutar
  • temperatur >38,0°C
  • tonsillært eksudat eller heving
  • yngre enn 15 år (trekk frå eit poeng viss alderen er >44)

Viss ein berre skårar eitt poeng, kan det tyde på at pasienten ikkje treng behandling, eller at halskultur må takast.[4] Viss sjukdommen er utbreidd i familien kan det vere naudsynleg med vidare utgreiing og vurdering av risikofaktorar. Infectious Disease Society of America rådar likevel imot empiriske prøvar, og meiner at antibiotika skal atterhaldast for positive prøvar.[3] Prøvar er ikkje påkravd for barn under tre år, sidan både gruppe A-streptokokkar og revmatisk feber er sjeldne. Unntaket er viss barnet også har sjuke søsken.[3]

Laboratorieundersøkingar[endre | endre wikiteksten]

Halskultur er gullstandarden[10] for diagnosen av streptokokkhalsinfeksjonar, med sensitivitet på 90—95 %.[4] Snøgg antigenpåvisingsmetode (RADT) kan også brukast. Snøgg antigenpåvising er mykje snøggare, men har lågare klinisk sensitivitet (~70 %) og statistisk spesifisitet (98%) enn halskultur.[4]

Ein positiv halskultur eller RADT saman med symptom er nok til å feste ein sikker diagnose.[11] Negativ RADT er tilstrekkeleg for å avkrefte diagnosen hjå vaksne. Hjå barn er det tilrådd med halskultur for å stadfeste diagnosen.[3] Asymptomatiske pasientar bør testast rutinemessig med halskultur eller RADT, sidan ein prosentdel av befolkninga alltid bærer streptokokkar utan å ta skade.[11]

Differensialdiagnose[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg Akutt halsbetennelse.

Symptoma ved streptokokkhalsinfeksjon kan likne på andre tilstandar, og det kan vere vanskeleg å setje ein klinisk diagnose.[4] Hosting, rennande nase, diaré og raude, irriterte auge, saman med feber og sår hals, tydar meir på virusinfeksjon enn streptokokkar.[4] Nærværet av markerte lymfeknutar med sår hals, feber og store mandlar kan òg tyde på infeksiøs mononukleose.[12]

Profylakse[endre | endre wikiteksten]

Fjerning av mandlar kan vere eit rimeleg førebyggjande tiltak for personar med hyppige halsinfeksjonar (>3/år).[13] Fordelane er likevel små, og episodane plar å minske med tida, uavhengig av tiltaka.[14][15] Residiverande episodar av halsbetennelse som testar positivt for GAS kan òg tyde på at personen er ein kronisk berar av GAS som får residiverande virusinfeksjonar.[3] Personar som er smitta, men som ikkje visar symptom, treng ikkje behandling.[3] Behandling av berarar med GAS er ikkje naudsynleg sidan risikoane for spreiing og komplikasjonar er låge.[3]

Behandling[endre | endre wikiteksten]

Ubehandla streptokokkhalsinfeksjon plar å forsvinne etter nokre få dagar.[4] Behandling med antibiotika minskar den akutte sjukdomstida med om lag 16 timar.[4] Hovudgrunnen til å bruke antibiotika er for å minske risikoen for komplikasjonar, til dømes revmatisk feber og retrofaryngeale abscessar.[4] Antibiotika har verknad viss det blir gitt innan 9 dagar etter at symptoma starta.[7]

Smertestillande middel[endre | endre wikiteksten]

Smertestillande middel som til dømes ikkje-steroide antiinflammatoriske middel (NSAID) og paracetamol (acetaminofen) har veldig god effekt ved behandlinga av infeksjonsrelaterte smerter.[16] Tjuktflytande lidokain kan òg vere nyttig.[17] Steroidar kan lindre smerte,[7][18] men er ikkje rutinemessig tilrådd. Aspirin kan brukast hjå vaksne, men ikkje hjå barn, på grunn av risikoen for Reyes syndrom.[7]

Antibiotika[endre | endre wikiteksten]

Penicillin V er føretrekt antibiotika i USA,[4] medan amoxicillin er føretrekt i Europa.[19] I India er risikoen for revmatisk feber høg, og benzatinpenicillin G er difor føretrekt.[7] Passande antibiotika minskar den symptomatiske perioden (3—5 dagar) med om lag éin dag, og minskar samstundes smitte.[11] Dei blir oftast brukt for å minske komplikasjonar som til dømes revmatisk feber og peritonsillære abscessar.[20] Argumenta som er i favør av antibiotikabehandling må balanserast med moglege biverknadar,[6] og antimikrobielle behandlingar er frårådd for friske personar som reagerar på lækjemiddel.[20] Føreskrivinga av antibiotika er høgare enn forventa førekomst.[21] Erytromycin og andre makrolidar eller klindamycin er tilrådd hjå personar med alvorlege penicillinreaksjonar.[3][4] Fyrstegenerasjons cefalosporinar kan brukast hjå personar med mindre alvorlege allergiar,[4] og somme prov tydar på at cefalosporinar er betre enn penicillin.[22][23] Streptokokkinfeksjonar kan føre til akutt glomerulonefritt; førekomsten av denne biverknaden kan ikkje reduserast med antibiotika.[7]

Prognose og komplikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Symptoma ved streptokokkhalsinfeksjon plar å forsvinne etter tre til fem dagar, uavhengig av behandling.[11] Antibiotikabehandling kan minske risikoen for komplikasjonar og smitte; barn kan vende attende til skulen 24 timar etter antibiotikabehandling. Hjå vaksne er risikoen for komplikasjonar låg.[3] Akutt revmatisk feber oppstår sjeldan i barn frå industriland. Det er likevel hovudårsaken til erverva hjartesjukdom i India, nokre delar av Australia og Afrika sør for Sahara.[3]

Komplikasjonar som følgje av streptokokkhalsinfeksjon kan vere:





I USA kostar sjukdommen om lag ~2,7 milliardar norske kroner årleg.[3]

Epidemiologi[endre | endre wikiteksten]

Halsbetennelse, som mellom anna omfattar streptokokkhalsinfeksjon, blir diagnostisert i 11 millionar menneske i USA kvart år.[4] Dei fleste tilfella skuldast virusinfeksjonar, men betahemolytiske streptokokkar i gruppe A valdar 15—30 % av halsbetennelsar hjå barn og 5—20 % hjå vaksne.[4] Tilfella plar å oppstå i sein vinter og tidleg vår.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. «streptococcal pharyngitis»Dorlands Medical Dictionary
  2. 2,0 2,1 Shaikh N, Leonard E, Martin JM (September 2010). «Prevalence of streptococcal pharyngitis and streptococcal carriage in children: a meta-analysis». Pediatrics 126 (3): e557–64. 
  3. 3,00 3,01 3,02 3,03 3,04 3,05 3,06 3,07 3,08 3,09 3,10 3,11 3,12 3,13 3,14 Shulman, ST; Bisno, AL; Clegg, HW; Gerber, MA; Kaplan, EL; Lee, G; Martin, JM; Van Beneden, C (9. september 2012). «Clinical Practice Guideline for the Diagnosis and Management of Group A Streptococcal Pharyngitis: 2012 Update by the Infectious Diseases Society of America.». Clinical infectious diseases : an official publication of the Infectious Diseases Society of America 55 (10): e86–102. 
  4. 4,00 4,01 4,02 4,03 4,04 4,05 4,06 4,07 4,08 4,09 4,10 4,11 4,12 4,13 4,14 4,15 4,16 4,17 4,18 4,19 4,20 4,21 Choby BA (Mars 2009). «Diagnosis and treatment of streptococcal pharyngitis». Am Fam Physician 79 (5): 383–90. 
  5. 5,0 5,1 Brook I, Dohar JE (Desember 2006). «Management of group A beta-hemolytic streptococcal pharyngotonsillitis in children». J Fam Pract 55 (12): S1–11; quiz S12. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 Hayes CS, Williamson H (April 2001). «Management of Group A beta-hemolytic streptococcal pharyngitis». Am Fam Physician 63 (8): 1557–64. Arkivert frå originalen 16. mai 2008. Henta 20. januar 2015. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 Baltimore RS (Februar 2010). «Re-evaluation of antibiotic treatment of streptococcal pharyngitis». Curr. Opin. Pediatr. 22 (1): 77–82. 
  8. Lindbaek M, Høiby EA, Lermark G, Steinsholt IM, Hjortdahl P (2004). «Predictors for spread of clinical group A streptococcal tonsillitis within the household». Scand J Prim Health Care 22 (4): 239–43. 
  9. Robert E. Rakel; David P. Rakel (red.). Textbook of family medicine (8. utg.). Philadelphia, PA.: Elsevier Saunders. s. 331. ISBN 9781437711608. 
  10. Smith, Ellen Reid; Kahan, Scott; Miller, Redonda G. (2008). In A Page Signs & Symptoms. In a Page Series. Hagerstown, Maryland: Lippincott Williams & Wilkins. s. 312. ISBN 0-7817-7043-2. 
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 Bisno AL, Gerber MA, Gwaltney JM, Kaplan EL, Schwartz RH (Juli 2002). «Practice guidelines for the diagnosis and management of group A streptococcal pharyngitis. Infectious Diseases Society of America». Clin. Infect. Dis. 35 (2): 113–25. 
  12. Ebell MH (2004). «Epstein-Barr virus infectious mononucleosis». Am. Fam. Physician 70 (7): 1279–87. Arkivert frå originalen 24. juli 2008. Henta 20. januar 2015. 
  13. Johnson BC, Alvi A (Mars 2003). «Cost-effective workup for tonsillitis. Testing, treatment, and potential complications». Postgrad Med 113 (3): 115–8, 121. 
  14. van Staaij, BK; van den Akker, EH; van der Heijden, GJ; Schilder, AG; Hoes, AW (Januar 2005). «Adenotonsillectomy for upper respiratory infections: evidence based?». Archives of Disease in Childhood 90 (1): 19–25. 
  15. Burton, MJ; Glasziou, PP (21. januar 2009). «Tonsillectomy or adeno-tonsillectomy versus non-surgical treatment for chronic/recurrent acute tonsillitis.». Cochrane database of systematic reviews (Online) (1): CD001802. 
  16. Thomas M, Del Mar C, Glasziou P (Oktober 2000). «How effective are treatments other than antibiotics for acute sore throat?». Br J Gen Pract 50 (459): 817–20. 
  17. «Generic Name: Lidocaine Viscous (Xylocaine Viscous) side effects, medical uses, and drug interactions». MedicineNet.com. Henta 7. mai 2010. 
  18. Wing, A; Villa-Roel, C; Yeh, B; Eskin, B; Buckingham, J; Rowe, BH (May 2010). «Effectiveness of corticosteroid treatment in acute pharyngitis: a systematic review of the literature.». Academic Emergency Medicine 17 (5): 476–83. 
  19. Bonsignori F, Chiappini E, De Martino M (2010). «The infections of the upper respiratory tract in children». Int J Immunopathol Pharmacol 23 (1 Suppl): 16–9. 
  20. 20,0 20,1 Snow V, Mottur-Pilson C, Cooper RJ, Hoffman JR (Mars 2001). «Principles of appropriate antibiotic use for acute pharyngitis in adults» (PDF). Ann Intern Med 134 (6): 506–8. 
  21. Linder JA, Bates DW, Lee GM, Finkelstein JA (November 2005). «Antibiotic treatment of children with sore throat». J Am Med Assoc 294 (18): 2315–22. 
  22. Pichichero, M; Casey, J (Juni 2006). «Comparison of European and U.S. results for cephalosporin versus penicillin treatment of group A streptococcal tonsillopharyngitis.». European Journal of Clinical Microbiology & Infectious Diseases 25 (6): 354–64. 
  23. Casey, JR; Pichichero, ME (Mars 2007). «The evidence base for cephalosporin superiority over penicillin in streptococcal pharyngitis.». Diagnostic microbiology and infectious disease 57 (3 Suppl): 39S–45S. 
  24. 24,0 24,1 «UpToDate Inc.». Arkivert frå originalen 8. desember 2008. 
  25. Stevens DL, Tanner MH, Winship J; et al. (Juli 1989). «Severe group A streptococcal infections associated with a toxic shock-like syndrome and scarlet fever toxin A». N. Engl. J. Med. 321 (1): 1–7. 
  26. 26,0 26,1 Hahn RG, Knox LM, Forman TA (Mai 2005). «Evaluation of poststreptococcal illness». Am. Fam. Physician 71 (10): 1949–54.